Honningmelon-lemonade

DSC_0928 2

No er sommartida med sol og varme komen og då fristar det med forfriskningar i solveggen. Med lemonade med god smak av sitrus og søt honningmelon får du ein utruleg frisk og avkjølande drikk som passar perfekt ein fin sommardag.

Lemonaden smakar både syrleg og søtt og får i tillegg ein avkjølande og frisk smak frå fersk mynte. Drikken kan minne litt om ein mojito, så det fyrste som slo meg når eg smakte på herlegheita var at dette hadde vore ein perfekt drink. Så dersom du vil ha ein ny variant på ein mojito eller alkoholhaldig drink, så vil nok denne vere eit perfekt utgangspunkt!

DSC_0927

DSC_0917

Ingrediensar til ca. 4 glas med lemonade:

  • skalet frå 1 sitron + 2 lime
  • 2 dl sitron-og limesaft (eg brukte 1 stor sitron og 2 lime)
  • 150 g sukker
  • 1 kg honningmelon
  • ca. 5 d vatn/farris
  • fersk mynte, til servering
  • isbitar, til servering
  • melonkuler, til servering

Riv skalet på sitron og lime på eit rivjern og ha det i ein kjele saman med sitron-og limesaft og sukker. Gi det eit lite forsiktig oppkok og la det deretter småputre litt i 4-5 minutter, til sukkeret er oppløyst og du har ein sukkersirup. Sett til avkjøling.

Del melonen i to og fjern frø og kjerne. Skrap ut alt fruktkjøtet frå melonen og ha det i ein bolle. Bruk ein stavmiksar og kjør det til glatt purè. Bland saman den avkjølte sukkersirupen med melonpurèen og rør godt rundt. Tilsett enten vanleg vatn eller farris og bland saman. Server drikken umiddelbart med rikeleg med isbitar, fersk finhakka mynte og eventuelt melonkuler. Melonkulene lagar du ved å bruke ei lita rund kuleskei som du grev ut kulene med frå ein heil melon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *