Hot cross buns

[dropcap]H[/dropcap]ot cross buns er søte og krydra kveitebollar som ein et i påska spesielt i Storbritannia. Bollane er originalt krydra med kanel, kardemomme, muskat, ingefær og allehånde og inneheld oftast rosiner eller tørka frukt. Det finst derimot mange versjonar av bollen med ulike krydder og andre ingrediensar. Min versjon inneheld sjokoladebitar, appelsinskal og så klart dei forskjellige kryddertypane.

Historia seier at tradisjonen med å ete krydra bakverk med eit kors på er datert heilt tilbake til 1300-talet då ein munk delte ut desse ved kyrkjedøra på langfredag. Bollane blei gjennom tidene selde mange stader og sidan dei gjerne vart selde varme fekk dei namnet “hot cross”. Korset på bollen laga ein på ulike måtar og kan lagast med deig, glasur eller bli skjært ut. Symbolikken bak korset kan knyttast til det kristne korset og kryddera som blir brukt er gjerne samanlikna med dei som blei brukte til å svøpe Jesus då han blei gravlagd. I engelsk folketru er det knytt mange ulike historier til bollane. Dei skulle til dømes kunne hjelpe sjuke eller hindre forlis dersom ein tok dei med på eit skip.

Uansett historie og tradisjon så blir desse kveitebollane ete i påska og andre tider på året i dei engelsktalende landa. Desse bollane smakar mildt av krydder og har eit hint av bitter appelsin som passar fint med den søte deiga og sjokoladen. Originalt er det oftast rosiner eller anna tørka frukt som blir brukt, så her må du gjerne bytte ut sjokoladen om du vil. Resultatet er uansett saftige og luftige bollar med god krydderaroma.

5UIhtUtQRlq5TW5pdeQFyw_thumb_6cfa

[recipe-foody]Ingrediensar til 12 stk hot cross buns:

  • 550-600 g kveitemjøl
  • 80 g sukker
  • 1 toppa ts kanel
  • ½ ts kardemomme, malt
  • ½ ts nellik, malt
  • ¼ ts muskatnøtt, malt
  • ¼ ts ingefær, malt
  • 8 g salt
  • 30 g ferskgjær
  • 50 g smør
  • 3 dl heilmjølk
  • 1 egg
  • 1 appelsin, skalet
  • 100 g kokesjokolade (lys eller mørk), grovhakka

Topping:

  • 75 g mjøl + ¾ dl vatn
  • aprikossyltetøy el. eplegèle

[/recipe-foody]

Bland saman mesteparten av kveitemjølet, sukker og alt krydderet i ein bakebolle. Smelt smøret i ein kjele og ha i mjølka. Lat det bli lunka. Rør ut gjæren i mjølka og ha det over i mjølet. Tilsett egget og rive appelsinskal. Elt deiga godt i maskin i ca. 10 minutt. Juster eventuelt med resten av mjølet. Når deiga er glatt og smidig har du i grovhakka sjokolade og elter i eit par minutt ekstra til det er jamnt fordelt. Sett deiga til heving ein lun stad i ca. 1 times tid, til dobbel storleik.

Ha deiga ut på kjøkenbenken og del i 12 like store emner. Trill dei til runde bollar og set dei ganske tett saman på bakepapirkledd lita langpanne eller steikebrett. Lat etterheve i ca. 45 minutt eller til dei er dobla i volum.

lKh0GH20RmyeIHjUErJ5cA_thumb_6cee

Forvarm steikeomnen til 220 ºC. Bland saman dei 75 g med mjøl med vatn til du har ein passe rennande konsistens som allikevel er fast nok til å halde fasongen. Ha over i ein sprøytepose og sprøyt ut kors på alle bollane. Set midt i steikeomnen og lat steike i ca. 12 minutt, til bollane er gyldne og gjennomsteikte. Avkjøl på rist og pensle dei med litt aprikossyltetøy/gèle medan dei framleis er lunkne. Server gjerne med ein klatt smør eller slik som dei er.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*