Indiskinspirert laksecurry med naanbrød

DSC_0327

Currygryter er aromatiske gryter basert på saus med masse krydder og smakar. Ofte er nok denne retten laga med kjøt, men her har du ein kvardagsvariant med sunn laks som er laga på 1-2-3!

Indisk mat er noko eg sjølv er veldig glad i på grunn av alle dei gode kryddersmakane. Sterk mat gir smaksløkane ein ekstra piff og vekker sansane. Det vil allikevel ikkje seie at dess sterkare maten er dess bedre blir det, sjølv for den krydderentusiasten eg er kan det bli for mykje. Denne retten er akkurat passe krydra og gir ein god ettersmak av chili utan at det overdøyver alle andre smakane. Stort sett har eg brukt kjøt til alle dei indiske rettane eg har laga, men det å bruke fisk gjer det både sunnare og meir spennande.

DSC_0321

Ingrediensar til laksecurry med naanbrød for 4 personar:

  • 4 x 125 g laksefilet, uten skinn og bein
  • sitronsaft
  • olivenolje
  • salt & peppar

Currysaus:

  • 2 små løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ss raud currypasta ( eg brukte «ekstra hot», men varier etter smak)
  • 4 medium store tomatar, godt modne og søte
  • 2 dl kokosmjølk
  • 1 ts ingefærpulver
  • 2 ts paprikapulver
  • 1 dl tjukk gresk yoghurt
  • 4 ss fersk koriander, finhakka
  • salt & peppar
  • olivenolje til steiking

Tibehør:

  • naanbrød (gjerne etter oppskrift her)
  • fersk spinat
  • rødløk, i tynne ringar
  • rømme
  • fersk koriander
  • sitronsaft

Finhakk løken og knus kvitløksfedda. Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne med høge kantar og la løken surre på medium varme til den er blank og mjuk. Tilsett currypasta og la det surre med i eit par minutter til. Hakk opp tomatane i små terningar og tilsett i panna. La det heile småputre i nokre minutter, til tomatane har kokt saman litt. Ha deretter i kokosmjølk, ingefær og paprikapulver. La dette koke inn litt.

Skjær laksefiletane i terningar på ca. 2 cm og krydre med salt og peppar. Skvis rikeleg med sitronsaft over og steik dei i ei panne med olivenolje på høg varme i ca. 1 minutt på kvar side, slik dei får ei fin steikeskorpe. Sett til sides.

Tilsett gresk yoghurt og koriander i currysausen og la dette småputre i 2 minutter slik det blir varmt. Smak til med salt og peppar. Tilsett lakseterningane og vend dei forsiktig inn i sausen utan at dei går i stykker.

DSC_0319

Server laksecurryen på varme naanbrød med fersk spinat, rødløksringar, rømme, finhakka koriander og krydre forsiktig med litt peppar og ekstra sitronsaft over om du vil.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *