Jordbærgalette

DSC_0084

Denne franske bærterta er ein enkel, rask og rustikk dessert og ein ypperleg måte å utnytte sesongens gode jordbær. Her får du både søtt, sprøtt, syrleg og friskt i samme rett.

Galette kan du variere med dei aller fleste typar bær og frukter. Bruk det du har tilgjengeleg og det som måtte vere i sesong for augeblikket. Jordbær er nydeleg i ein galette og gir ein fin djup raudfarge til den lyse tertedeiga. Konsistensen av den sprø deiga med sukker på gir også ein herleg kontrast til dei mjuke og saftige jordbæra.

DSC_0078

Ingrediensar til jordbær galette for 4-6 personar:

Tertedeig:

  • 250 g hvetemel
  • 160 g smør, kaldt og i terningar
  • ½ dl heilmjølk
  • 5 g salt
  • 15 g sukker
  • 1 eggeplomme

Jordbærfyll:

  • 400 g jordbær
  • 2-4 ss demerarasukker (smak til etter kor søte bæra er)
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 1 ss maizena
  • eggekvite til pensling
  • perlesukker til dryss

Lag tertedeiga klar ca. 1 time før bruk. Ha hvetemelet i ein bolle og kna inn smøret til du får ein smulete konsistens. Lag ei fordjupning i mel-og smørblandinga og hell i mjølk, salt, sukker og eggeplomme. Bruk fingertuppane til å røre rundt i blandinga og drag med litt og litt av melet i væska. Kna så deiga raskt saman til ho samlar seg og form den rund og trykk den lett flat, til ca. 2 cm. Pakk inn i plastfolie og la ligge i kjøleskap i ca. 1 time.

Forvarm ovnen til 175 ºC. Rensk jordbæra og del dei i enten 2 eller 4 delar alt etter kor store dei er. Ha dei i ein bolle og strø sukker, vaniljeekstrakt og maizena over og rør godt rundt.

Kjevle ut deiga på kjøkenbenken med eit lett lag hvetemel under. Kjevle den til ein stor sirkel på ca. 3-5 mm tjukkelse og legg over på bakepapirkledt steikebrett. Fordel jordbærblandinga utover tertedeiga til det står igjen ca. 5 cm frå kantane. Brett så ytterkanten av deiga inn mot midten av terta heile veien rundt slik den overlappar, men la jordbæra vere utildekte i ein ca. 15 cm sirkel i midten. Pensle med eggekvite rundt kanten og strø eit lag med sukker på. Sett midt inn i den forvarma steikeovnen og la terta steike i ca. 35-40 minutter, til den er gylden på farge og deiga er sprø når du bankar med ein finger på kanten.

DSC_0050

Avkjøl litt før du drysser litt melis over og server jordbærgalette med ei kule vaniljeiskrem eller litt krem til. Smakfullt og enkelt!

DSC_0087

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *