Jordbærmoussekake på nøttebotn

lf4F4fxkRCq6QGMpF9WjaA_thumb_6e25

Friske kaker med bær er perfekt no i sommarhalvåret når ein ønsker noko godt å servere gjestane. Denne kaka har ein nøttebotn med mandler, frisk jordbærmousse og ferske jordbær på toppen.

Denne kaka er ei skikkeleg sommarkake og smakar nok enda betre når dei norske jordbæra kjem i butikkane igjen.  Til tross for mangel på dei  søte norske jordbæra blei denne kaka frisk og god. Kaka er i tillegg glutenfri og passar fint å servere i selskap.

JT6Nw3ftS5imWwxGpZnkrQ_thumb_6e37

o4ri5D%BTk+dm6qK%kg2Kg_thumb_6e30

Ingrediensar:

Nøttebotn:

  • 130 g sukker
  • 4 eggekviter
  • 250 g mandler

Jordbærmousse:

  • 400 g friske jordbær
  • 5 plater gelatin
  • 1 lime, safta
  • 1 ½ dl sukker
  • 1 eggekvite
  • 2 dl kremfløte
  • evt. raud gelèfarge
  • 1 korg ferske jordbær, til pynt

Forvarm steikeovnen til 175 ºC. Kle ei springform på ca. 24 cm med bakepapir i botnen og smør rundt kantane.

Ha mandler i ein stavmikser med knivblad eller ein foodprocessor og kjør til du får mjøl. Om det er igjen nokre litt større bitar går det også heilt fint. Ha eggekvitene i ein rein bakebolle og pisk på middels hastigheit til det begynner å skumme. Tilsett deretter sukkeret litt og litt i gongen og pisk til du har ein skinande glatt og stiv marengs. Vend i nøttene med ein slikkepott og hell blandinga i den smurte forma. Steik nøttebotnen midt i steikeovnen i ca. 35 minutt. Avkjøl botnen heilt i forma.

Legg gelatin i blaut i kaldt vatn. For å lage moussen har du jordbær i ein stavmiksar saman med 1 dl av sukkeret og kjør til du får bærpurè. Smak til med limesaft til du får ein passe frisk smak. Dersom du ønsker ein skarpare farge på kaka kan du tilsetje litt raud gelèfarge i bærpurèen. Smelt forsiktig dei blaute gelatinplatene i ein kjele saman med litt vatn. Ha over i bærpurèen samtidig som du rører godt rundt. Pisk eggekviten stiv saman med ½ dl sukker til du får ein glatt marengs. Pisk kremfløten til stiv krem. Vend forsiktig inn marengs og krem i jordbærpurèen til alt er blanda saman i ein luftig krem. Del jordbær i to på langs og set dei opp rundt langs kanten på forma med nøttebotnen. Fordel forsiktig jordbærmousse i forma i eit jamnt lag. Set kaka kaldt i kjøleskap til den har stivna, minimum 4 timar eller gjerne til neste dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *