Jordbærpai

Innlegget inneheld reklame

Samarbeid med Kitchentime /Innlegget inneheld annonselenker/

Denne jordbærdesserten har eg verkeleg venta lenge på! I botnen har du søte og smakfulle jordbær som både gir bitar å tygge på og ein slags saus og på toppen er det sprø deig som blir seig og mjuk dess lenger ned i paien du kjem. Saman med litt stivpiska syrleg crème fraÎche vart dette ein nydeleg jordbærdessert.

DSC00270 2
Sponsa form frå Kitchentime

Då dei norske jordbæra frå Valldal endeleg var komne til salgs måtte jordbærpaien testast ut og smakast fram til. Desse jordbæra synest eg er dei beste som er å få tak i og er ei nødvendigheit kvart år. Resultatet vart ein meget god dessert med nydeleg jordbærfyll og ein knasande sprø topping som er seig når du et deg ned igjennom paien. Dersom du vil prøve deg på denne paien du også anbefalar eg at du brukar så søte og smakfulle jordbær som du får tak i for å få det beste resultatet. Saman med paien har eg valt å servere ein krem av crème fraiche blanda saman med litt vanilje og melis. Dette gir ein herleg fyldig og syrleg balanse til retten.

Eg har vore så heldig at eg i tillegg har fått lov å teste ut ei ildfast form frå Eva Solo som har tilhøyrande handtak og gryteunderlag i eitt. Stålhandtaket gjer at du kan halde forma i den eine handa og servere med den andre og kan i tillegg også snuast rundt slik at du får eit gryteunderlag til bordet. Forma har perfekt størrelse til ein pai eller dessert som skal i ovnen og er med sin klassiske utsjånad dekorativ på bordet. Den supre forma som finnest i fleire størrelsar får du kjøpt på mellom anna Kitchentime sine nettsider, som er ein nettbutikk med masse flott kjøkkenutstyr. Eg har brukt den ildfaste forma på 26 cm x 20 cm, men her kan du bestemme sjølv og heller justere steiketida ned litt om du brukar ei større form. Forma finn du her.

DSC00283

Ingrediensar til jordbærpai for ca. 6-8 personar:

Paideig:

  • 150 g kveitemjøl
  • 50 g fullkornsmjøl
  • 1 klype kardemomme
  • 50 g havregryn
  • 100 g sukker
  • 100 g demerarasukker
  • 1 klype salt
  • 175 g smør, romtemperert & i terningar
  • 1 egg

Jordbærfyll:

  • ca. 1 kg jordbær
  • 2 ss maizena
  • evt. 1 ss demerarasukker

Krem:

  • 2 dl crème fraÎche
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • ein dæsj melis

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Lag paideiga ved å blande saman kveitemjøl, fullkornsmjøl, kardemomme, havregryn, sukker og salt i ein bolle. Kna inn smøret med fingrane slik du får ei smulete deig. Rør til slutt inn egget med ein gaffel til du har ei passe klissete deig. Dersom deiga klistrar alt for mykje kan du strø over litt ekstra mjøl, men pass på så deiga ikkje blir for tørr.

Del jordbæra i to eller eventuelt i fire dersom dei er ekstra store. Ha bæra i ein bolle saman med maizena og evt. sukker og bland det godt saman til alle bæra er dekte av maizena. Fordel jordbæra i ei passande ildfast form. Legg deretter deiga i små klattar oppå jordbæra til du har dekt alt. Sett midt inn i den forvarma ovnen og la steike i ca. 35 minutter, til deiga er blitt gylden og sprø på toppen og du ser at bæra boblar opp som ein slags saus på sidene. Avkjøl litt før servering.

Ha crème fraÎche, vaniljesukker og bittelitt melis i ein bolle og pisk det til du får ein stiv krem. Server lunken jordbærpai saman med kremen og evt. litt sitronmelisse for litt frisk smak.

DSC00259

DSC00284

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *