[dropcap]J[/dropcap]ordbærsirup er friskt, søtt og syrleg og kan brukast på iskrem, dessert, yoghurt, pannekaker og meir. Din eigen heimelaga bærsirup lagar du lett!
Sirupen kan oppbevarast på fine flasker og er det perfekte tilbehør i sommervarmen. Den kan også brukast til å smaksette kaker eller iskrem.
[recipe-foody]Ingrediensar til ei flaske jordbærsirup:
- 700 g jordbær, renska og skylt i vatn
- 4 ½ dl vatn
- 3 ¾ dl sukker
- ½ lime, safta
- ½ vaniljestang, frøa
- 2 ss lys sirup
[/recipe-foody]
Del dei renska og vaska jordbæra i båtar og ha i ein stor kjele saman med vatn, sukker, frøa frå ei vaniljestang og limesaft og kok opp. La det så stå og småkoke litt i 10 minutter. Då har jordbæra mista fargen og du sitt igjen med ein raud bærsaft. Sil av bæra og hell safta tilbake i kjelen. Ha i sirup og kok opp safta på nytt. La så safta stå og koke i ca. 20-30 minutter, eller heilt til den har fått ein litt seigare sirupkonsistens. Sirupen vil tjukne litt ekstra etter den har blitt avkjølt også. Hell over på reine småflasker og oppbevar i kjøleskap.
No har du ein nydeleg jordbærsirup som er perfekt som tilbehør til dessertar eller berre som smakstilsetning over gresk yoghurt og granola. Nyt!