[dropcap]H[/dropcap]austen er den tida det blir laga mest supper i dei fleste heimar. Jordskokk passar perfekt til suppe og gir ein rund og nøtteaktig smak som dei fleste vil like. Denne suppa er fyldig og krema og har eit hint av søtleg smak.
Saman med rista hasselnøtter og salt spekeskinke er denne suppa eit mettande og nydeleg måltid. Suppa er perfekt både som middag eller i små porsjonar som forrett. I tillegg er suppa superenkel å lage og kan fint varmast forsiktig opp igjen neste dag.
[recipe-foody]Ingrediensar til jordskokksuppe for ca. 4-6 personar:
- 30 g smør
- 1 løk
- 1 fedd kvitløk
- ca. 1 kg jordskokk
- 8 ½ dl utblanda okse/hønsefond
- 2 dl matfløte
- nokre dråpar sitronsaft
- salt & peppar
Til servering:
- ein neve hasselnøtter, grovhakka
- nokre skiver spekeskinke
- ferske urtar (f. eks. grasløk, timian etc.)
- evt. brød
[/recipe-foody]
Smelt smøret i ein stor kjele over middels varme. Grovhakk løk og kvitløk og la det surre i smøret over lav varme til det blir mjukt og blankt. Gjer klart ein bolle med litt vatn og nokre dråpar sitron i. Skrell jordskokken og kutt i terningar. Legg terningane i sitronvatnet medan du kuttar vidare slik at dei ikkje blir brune på farge. Ha jordskokkterningane over i kjelen med løk og la det surre saman i nokre minutt. Tilsett okse/hønsefond og gi det eit oppkok. La småkoke til jordskokken er mør, ca. 15-20 minutt. Bruk ein stavmiksar og kjør suppa til glatt purè. Ha i matfløte og gi suppa eit forsiktig oppkok igjen. Dette blir ei nokså tjukk og fyldig suppe, så dersom du ønskar ei tynnare suppe kan du tilsette meir matfløte eller evt. fond. Ha i nokre dråpar med sitron og smak til med evt. salt og peppar etter behov.
Varm opp ei tørr steikepanne og rist hasselnøttene lett til dei blir gyldne på farge. Sett til sides. Sprøsteik spekeskinke i samme panna. Server deretter varm suppe toppa med sprøsteikt skinke, rista hasselnøtter, ferske urtar og gjerne nokre dråpar olivenolje.