Julegodt

pixlr

Med berre få dagar att til den store dagen står nok gjeremåla på rekke og rad for dei aller fleste no i julestria. Då er det fint med oppskrifter på noko søtt og godt som ikkje tek timesvis å lage eller er alt for mykje arbeid å lage. Her har eg samla nokon få gode søtsaker som gjerne høyrer med til julekosen her i heimen.

 Det er lite som er betre enn å kunne setje seg godt til rette med ein god julefilm og heimelaga julegodt når julefreden senkar seg over hus og heim. Desse oppskriftene er faste innslag når eg skal lage konfekt og søtsaker til jul og smakar like godt kvart einaste år. Så her er det berre å finne seg sin favoritt og sette i gong. Oppskriftene finn du ved å trykke på linken i navnet eller ved å søke i arkivet!

  1. Mjuke karameller

DSC_0088

Karameller er nok kanskje den aller mest brukte og kjære av alle typar søtsaker til jul. Denne oppskrifta gir herleg mjuke og seige karameller med havsalt på toppen. Rett og slett nydeleg godt!

2. Mozartkuler

DSC_0120

Mozartkuler er marsipankuler av pistasjnøtter som har ein bit med mjuk nougatsjokolade i midten og er dyppa i mørk sjokolade. Dette er nok min personlige favoritt!

3. Lakriskarameller

DSC_0036

Lakris er det eg aller helst vil ha når det kjem til smågodt og søtt, og seige lakriskarameller er definitivt det aller beste! Desse må du berre prøve deg på om du er like glad i alt med smak av lakris som det eg er.

4. Peppermyntekonfekt

DSC_0002

Peppermynte og sjokolade saman er ein nydeleg god kombinasjon og saman med knuste polkagrisar eller sukkertøystenger blir det skikkeleg julepreg over det heile.

5. Heimelaga bounty

DSC_0504

Heimelaga bounty er noko av det aller enklaste og lettvinte du kan lage av heimelaga konfekt. Smaken av kokos og sjokolade er uslåeleg!

6. Kvepsebol

elwsmvnytdy5nierst5aa_thumb_64fb

Sprø marengskjeks med seig innside , sjokolade, nøtter og smak av lakris- betre blir det ikkje!

7. Flødebolle med jordbær & lakris

DSC_0075

Desse tek nok litt meir tid og arbeid å lage, men åååh kor godt det smakar! Desse søtsakene er steikte kransekakebotnar med lakrissmak, herleg skumfyll med jordbærsmak og til slutt eit lag med sjokolade utanpå!

8. Påskeegg med marsipan & nougatcrunch

DSC_0121 2

Desse konfektbitane vart rett nok laga til påske, men dei er like gode til julehøgtida!

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *