Julekake

[dropcap]J[/dropcap]ulekake høyrer med no i desember og med etterspørsel i heimen måtte deiga setjast. Skal eg vere heilt ærlig har eg sjølv aldri hatt spesielt sansen for dette søte brødet med rosiner i. Det var heilt til eg satte tennene i ei fersk skive av denne julekaka vel og merke. Eg er overbevist!

Med eit godt lag med det nydelege Kviteseidsmøret på blei denne porøse og luftige julekaka ein vellykka opplevelse. Det søte brødet er saftig med ei tynn og fin skorpe og smakar fint av søt kardemomme og rosin. Oppskrifta gir to middels store runde brød og smakar nydeleg med godt smør eller brunost på.

DSC_0936

[recipe-foody]Ingrediensar til to runde julekaker:

  • 180 g rosiner + ca. 1 dl varmt vatn
  • 50 g gjær
  • 5 dl heilmjølk
  • 950 g kveitemjøl + ekstra til utbaking
  • 135 g sukker
  • 2 ts kardemomme
  • 1 ts salt
  • 1 egg
  • 130 g meierismør, romtemperert & i terningar
  • 1 egg, til pensling

[/recipe-foody]

Ha rosinene i ein bolle og hell over 1 dl varmt vatn. Lat dette stå å trekke i ca. 20 minutt.

Ha gjær, mjølk, nesten alt kveitemjølet, sukker, kardemomme, salt og egg i ein bakebolle og elt deiga saman i ca. 10 minutt i kjøkenmaskin. Tilset smør-terningane og lat deiga elte vidare i 10 minutt til. Hell av vatnet på rosinene og tørk dei med kjøkenpapir. Strø litt kveitemjøl på rosinene og tilset i deiga. Elt det saman på sakte fart i ca. 1 minutt. Deiga skal vere ganske fast og smidig så tilsett litt meir kveitemjøl om nødvendig. Strø eit godt lag med mjøl på kjøkenbenken og hell deiga ut av bollen. Del opp deiga i to like store emne. Kna kvart emne godt saman, brett inn deiga på undersida og form til to runde brød. Her er det viktig at du har ei fast nok deig slik at brøda held på fasongen under heving. Set på bakepapirkledd steikebrett og lat heve til dobbel storleik.

Forvarm omnen til 180-200 ºC, avhengig av korleis din eigen omn steiker.

Pensle brøda med samanpiska egg og bruk ein skarp kniv til å lage eit snitt rundt heile vegen av brøda og eit snitt på toppen (nokre mm djupt), gjerne i eit fint mønster. Sett julekaka midt i steikeomnen og lat steike i ca. 30 minutt. Her må du følge med litt underveis og synest du brødet blir raskt mørkt på toppen kan du legge litt bakepapir over toppen etter ei stund. Julekaka er ferdig stekt når den er gylden mørkbrun og lagar ein hul lyd når du bankar på undersida. Avkjøl på rist og server med godt smør eller ost.

DSC_0948

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*