Julekrydra kjøttbollar & rømmedressing

DSC_0468

Desember nærmar seg med stormskritt og det er på tide å finne fram alle oppskrifter med julesmakar og krydder igjen. I dag falt valget på svinekjøttbollar med smak av julekrydder som nellik, allehånde og stjerneanis.

Kjøttbollane passar fint til juletapas og kan serverast saman med god dressing og salat eller også med tomatsaus. Om du vil kan du også lage dei større og servere dei som vanlege kjøttkaker med det tradisjonelle tilbehøret.

Ingrediensar til ein porsjon kjøttbollar:

  • 400 g kjøttdeig av svin
  • ½ liten rødløk, grovriven
  • ½ ts allehånde
  • ¼ ts sjerneanis, malt
  • 1 ts nellik, malt
  • 1 ts pepper, malt
  • 1 ts tørka salvie
  • 1 egg
  • 1 ts worcestershiresaus
  • 2 ss heilmjølk
  • 1 brødskive, i smular og utan skorpe
  • godt med havsalt

Rømme-og sennepsdressing:

  • 1 dl rømme
  • 1 ½ ts grov sennep
  • 1 ts akasiehonning
  • 1 ss fersk basilikum, finhakka
  • salt & peppar

Ha kjøttdeig og rødløk i ein bolle og bland det godt saman. Tilsett alle kryddera, egget, worcestershiresaus, mjølk og brødsmular og rør det saman til ei fast kjøttfarse. Tilsett godt med salt og bland godt saman. Varm opp ei steikepanne med litt smør og olivenolje. Fukt hendene i litt kaldt vatn, ta ca. to teskeier med kjøttfarse og rull til små kjøttbollar. Steik kjøttbollane på høg varme til dei får ei fin steikeskorpe på alle sider. Er du usikker på korleis kryddermengda blir kan du prøve deg fram med litt og litt fyrst og steike ein prøvekjøttbolle og eventuelt krydre eller salte meir etter behov.

Bland saman alle ingrediensane til rømme-og sennepsdressingen og server saman med kjøttbollane og gjerne litt grøn salat.

DSC_0484

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *