Kaffe-smoothie

[dropcap]D[/dropcap]et å starte dagen med kaffe og ein rask og energifull frukost er supert på travle morgonar. Då er det flott at du kan slå saman desse to i eitt måltid. Denne smoothien har smak av kaffe, vanilje og banan og inneheld i tillegg havregryn som gir magen litt å tygge på.

Dersom du ikkje er spesielt glad i frukost eller har problemer med å få ned mat på morgonen er ein smoothie eit godt alternativ som i tillegg kan takast med undervegs til jobb eller skule. Har du behov for enda litt meir mat eller noko å tygge på kan du i tillegg toppe smoothien med litt granola eller bær. Smoothien er også like fin som eit mellommåltid, ein lunsj eller når du vil ha noko godt og sunt å kose deg med.

DSC00623

DSC00648

[recipe-foody]Ingrediensar til èin porsjon kaffe-smoothie:

  • 1 toppa ss pulverkaffe + 1 ss varmt vatn
  • 1 godt moden banan (gjerne frossen)
  • 1 ½ dl mager vaniljekesam
  • 1 stor neve havregryn
  • evt. akasiehonning (dersom du ønskar litt søtare smak)

[/recipe-foody]

Bland ut pulverkaffe med varmt vatn slik det løyser seg opp. Ha deretter alle ingrediensane  i ein stavmiksar eller liknande og kjør saman til du får ei glatt masse. Server umiddelbart og nyt gjerne saman med litt granola eller ferske bær eller frukter på toppen.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*