Kake- og desserttips til 17. mai

[dropcap]N[/dropcap]o er det kun få dagar igjen til 17. mai og med pinsestengde butikkar i dagane før så gjeld det å planlegge innkjøpa til det ein eventuelt skal bake eller lage til dagen.

Her kjem det tips til kaker og dessertar som kan passe å servere til fin feiring og gjestar. Dette er nokre av mine absolutte favorittar når det gjeld kaker og dessertar og her vil du nok finne noko for ein kvar smak. Trykker du på navnet på kakene kjem du rett inn på oppskrift og framgangsmåte. Lykke til med bakinga!

1. Pavlova med mascarponekrem, salt karamellsaus og friske bær:

DSC_0623

Pavlova er nok den mest sjølvskrevne kaka når det kjem til dessertkake for nasjonaldagen. Her er ein variant med ein flytande salta karamellsaus, fyldig mascarponekrem og masse ferske bær på toppen.

2. Skogsbærostekake på browniebotn:

DSC_0332

Ostekake er noko av det beste eg veit, og når du i tillegg kan kombinere det med sjokolade så er eg i kakehimmelen. Denne stekte ostekaka har saftig browniebotn, smakfullt kremost-og skogsbærfyll og eit syrleg rømmelokk på toppen.

3. Lakrispavlova med pasjonsfruktcurd:

DSC_0133

Her har du den populære pavlovaen i porsjonsvariant som ein fin dessert. Marengsen har god smak av lakris og er toppa med syrleg og frisk pasjonsfruktcurd og rømmekrem.

4. Brunostkake med bringebær:

DSC_0466

Denne ostekaka innheld brunost som gir ein nydeleg karamellsmak til ostefyllet. Dette er enda ein variant av den stekte ostekaka og er kanskje min absolutte favoritt. Kaka har god kjeksbotn med mild smak av kardemomme og er toppa med masse ferske bringebær.

5. Espressoiskake med nøttebotn:

DSC_0179

Iskrem høyrer sjølvsagt med på ein kvar 17. mai-feiring og dette er nok høgdepunktet for mange born. Her har du iskremen i kakeutgave med ein nøttebotn som gir litt å tygge på og ein herleg og krema iskrem med masse smak av kaffe.

6. Rømmeiskrem med multer:

DSC_0550

Det er lite som er meir norsk enn multer og rømme og då er vel dette perfekt å feire med på sjølvaste nasjonaldagen. Iskremen har nydeleg smak og passar godt som dessert enten aleine eller som tilbehør.

7. Kladdkake med krem & bær:

DSC_0404

Kaker med masse krem og bær slår aldri feil og denne utgåva med kraftig smak frå klissete sjokoladekake og syrleg krem med lime er intet unntak.

8. Panna Cotta med pasjonsfrukt:

DSC_0472

Denne desserten er laga av fløte, tjukk yoghurt og vaniljestang og er ein krema og mjuk dessertpudding. På toppen er det ferske bær, pasjonsfrukt og finhakka sjokolade. Desserten er superenkel og veldig kjapp å lage!

9. Tiramisuglas:

DSC_0404

Dette er porsjonsvarianten av den italienske dessertkaka. Desserten er laga med sprø savoiardikjeks som er dynka i kaffe, mascarpone-og eggekrem og kakao eller sjokolade på toppen.

10. Sjokolade-og bringebærkake:

DSC_0248

Denne sjokoladelagkaka er saftig og inneheld eit kremost-og sjokoladefyll med ferske bringebær i midten og er dekt av eit lag med frisk og fyldig bringebærsmørkrem.

11. Pavlova med krem, blåbær & grapefruktsaus 

sGwytsGNSV+xR7E842Ol9w_thumb_6dd3

Pavlovaen har smakar av både søtt, bittert, friskt og syrleg og er ei nydeleg balansert dessertkake til festbordet!

12. Ostekake med lakris & bringebærgelè 

DSC00126

Dette er ei av mine absolutte favorittkaker. Med kjeksbotn med smak av lakris, fløyelsmjukt ostefyll og frisk bringebærgelè på toppen er dette ein fest for smaksløkane!

13. Sjokoladepavlova med sjokolade-& lakrissaus & moreller 

DSC00208

Det er alltid plass til ei ekstra pavlovakake og denne med sjokolade, lakris og moreller er nydeleg både på festbordet og i munnen!

14. Saftig 17.mai-kake med bringebær & ostekrem 

yFqysEe2SQOiNONb5Yw5tw_thumb_74d4

Ei saftig red velvet-kake med bringebær og frisk ostekrem gir passe nasjonalkjensle med pynt i raudt, kvitt og blått!

Håper du fann noko som frista og let deg inspirere til å servere på nasjonaldagen eller i andre festlege lag!♥

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*