Kald byggrynsgraut-frukost

DSC_0780

Dersom du lagar byggrynsgraut og sitt igjen med restar i kjøleskapet kan du fint bruke dette til å lage ein kald frukostgraut. Her har eg blanda byggrynsgraut med kefir og honning og får ein super og mettande frukost.

Slike måtar å bruke opp grautrestar på er supert for å kutte ned på matkasting og sløsing av matvarer. Grauten ser kanskje litt trist og tørr ut etter å ha stått i kjøleskapet eitt døgn etter servering, så då er dette ein fin måte å få den til å sjå fristande ut på igjen. Her kan du variere med den type meieriprodukt som du sjølv har tilgjengeleg. Både yoghurt, kesam, kulturmjølk og skyr vil vere flotte alternativ.

Ingrediensar til ein porsjon kald byggrynsfrukost:

  • 1 dl byggrynsgraut, ferdig kokt & avkjølt
  • ¾ dl kefir (evt. gresk yogurt,kesam etc.)
  • 2 ss solsikkefrøkjerner
  • 1-2 ss akasiehonning
  • 1 klype kardemomme (evt.kanel eller anna valgfri smakstilsetning)
  • fersk frukt eller bær, til servering
  • mandelflak, til servering

Bland saman byggrynsgraut og kefir med ein gaffel i ein bolle til det har blitt ei jamn røre. Tilsett solsikkefrøkjerner, akasiehonning og kardemomme og rør godt rundt. Hell over i passande porsjonsglas og sett kaldt i kjøleskap over natta eller server umiddelbart. Kutt opp fersk frukt eller bær og server på grauten saman med litt mandelflak og evt. litt akasiehonning på toppen.

DSC_0774

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *