Kalkungrateng

DSC_0090

Etter nyttårskalkunen er det som regel ofte igjen ein heil del kalkunrestar. Kalkunkjøtet er kanskje blitt litt tørt og trist etter 2-3 dagar og då er det supert å lage denne retten. Då får du brukt opp restane og i tillegg blir kalkunen igjen eit smakfullt måltid.

Kalkunkjøt er veldig godt på smak berre det ikkje blir for tørt og kjedeleg. I denne gratengen får du dei klassiske kalkunsmakane i ein ny vri som gjer det til eit annleis måltid. Gratengen er rask og lage og ingrediensane kan du variere etter kva du har att av restar.

DSC_0080

Ingrediensar til kalkungrateng for 4 personar:

  • 300 g rosenkål (ferske eller ferdig kokte)
  • 1 rødløk
  • 50 g spekeskinke (kan byttast ut med bacon)
  • 2 vårløk, i tynne ringar (evt. ½ purreløk)
  • 2 ts tørka rosmarin
  • 1 ts persille
  • 1-2 ss dijonsennep
  • salt & peppar
  • 400 g kalkunkjøt ( renska for bein og plukka i bitar)
  • 2-3 dl matfløte
  • fersk rosmarin
  • ca. 100 g edamerost, riven
  • 3-4 ss strøkavring

Tilbehør:

  • grøn salat
  • granateple
  • restar av waldorfsalat om du har igjen

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne. Om du brukar fersk rosenkål deler du dei i to og lar dei steike i panna i ca. 5 minutter til dei er blitt gyldne på farge. Om du brukar restar av rosenkål som er ferdig kokte deler du dei berre i to og varmar dei raskt. Skjær rødløk og spekeskinke i tjukke strimlar og la det surre med rosenkålen i eit par minutter. Tilsett vårløk, rosmarin, persille og dijonsennep og bland det godt saman. Smak til med salt og peppar. Tilsett kalkunkjøtet i panna og bland det godt saman med resten. Hell heile kalkunblandinga over i ei ildfast form og hell over matfløte til det dekker heile botnen og ca. halvveis oppover kalkunblandinga. Ha gjerne litt fersk rosmarin og nykverna peppar over blandinga. Strø riven ost og deretter strøkavring over toppen og sett det inn i den forvarma ovnen og la det steike i ca. 20-25 minutter, til osten er blitt gylden og sprø på toppen.

DSC_0095

Server saman med ein grøn salat og litt friske granateplefrø. Har du igjen restar frå waldorfsalaten er den også super å servere ved sida av gratengen for litt ekstra frisk smak.

DSC_0091

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *