Kanelsnurrar av spelt

m9ZxZw5%QCCqwRqhDYAdaQ_thumb_69e3

No i helga er det fastelavn og då er søt gjærbakst og bollar garantert noko dei fleste har planar om å bake. Ikkje alle er like glade i bollar med krem og nettopp då er kanelsnurrar eit perfekt alternativ. Desse er baka med spelt og resultatet blei store og smakfulle kanelsnurrar.

Spelt er litt annleis å jobbe med enn vanleg kveite og treng noko kortare eltetid. Resultatet ved å bake med spelt gir luftig og lett bakst og kan fint erstatte kveitemjølet i oppskrifter. Spelt har også vist seg å vere lettare fordøyelig enn kveite og andre kornslag. Desse kanelsnurrane blei uansett svært luftige og smakfulle med masse kanel og sukker på og er perfekte å kose seg med i helga!

VkqRa15qSvq1g265ZgiQAw_thumb_69de

gchh63pNTxS+DNEtjK8GwQ_thumb_69ed

Ingrediensar til ca. 16 stk store kanelsnurrar:

  • 5 dl heilmjølk
  • 50 g ferskgjær
  • 1 kg sikta speltmjøl
  • 150 g sukker
  • 2 ts kardemomme
  • 8 g salt
  • 1 egg
  • 150 g smør, kaldt & i terningar

Kanelfyll:

  • 150 g smør, romtemperert & mjukt
  • 150 g sukker
  • 15 g kanel
  • 1 egg, til pensling
  • sukker, til pynt

Varm opp mjølka til den er fingervarm og hell over gjæren i ein bakebolle og rør ut. Tilsett mesteparten av speltmjølet, sukker, kardemomme, salt og egg og elt deiga i maskin i ca. 5-10 minutt. Tilsett smøret i deiga og elt vidare i ca. 5 minutter ekstra eller til smøret er elta inn i deiga utan klumpar. Sett deiga til heving på ein lun stad og la stå til dobbel størrelse, ca. 1-1 ½ time.

Kjevle ut deiga til eit stort rektangel på ca. 40 cm x 50 cm. Bland saman ingrediensane til kanelfyllet og smør det utover rektangelet i eit jamnt lag. Brett deretter ein tredjedel av deiga inn mot midten. Så brettar du den siste tredjedelen av deiga oppå der igjen, slik at du har tre lag. Trykk saman deiglaga litt slik at dei heng saman. Kjevle deretter deiga ut til eit rektangel på ca. 50 cm x 30 cm. Skjær ca. 16 stk lange strimlar på ca. 2-3 cm breidde på kortsida av rektangelet. Hald fast i kvar ende på strimlane og snurr dei rundt seg sjølv og knyt deretter deiga saman til ein knute eller snurr slik du sjølv foretrekk å lage dei. Sett på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i ca. 30-45 minutt eller til dobbel størrelse.

Forvarm steikeomnen til 200 ºC. Pensle bollane med egg og strø på eit lag med sukker. Steik bollane i den forvarma omnen i ca. 12-14 minutt. Avkjøl litt på rist og nyt dei lunkne!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *