Kantarellpizza med karamellisert sjalottløk & strandaskinke

DSC00614

Vi er framleis i sommarmånaden august, men ute minner vèret mest om haust. I skogen er kantarellen i full vekst og då er det klart ein må bruke den til gode middagar. Denne pizzaen har god smak av kantarell saman med søt sjalottløk, salt strandaskinke og masse god smak frå crème fraiche-saus i botnen.

Heimelaga pizza med sprø botn og masse godt fyll er super helgekos og var det som stod på menyen min i helga som var. Pizzadeiga held akkurat til fire porsjonspizza eller to litt store pizza dersom du heller vil ha det.

DSC00619

Ingrediensar til 4 stk. porsjonspizza med kantarell:

Pizzadeig:

  • 350 g durum kveitemjøl (evt. anna pizzamjøl)
  • 150 g kveitemjøl
  • 25 g gjær
  • 10 g salt
  • 50 g olivenolje
  • 320 g vatn, romtemperert

Kvit saus:

  • 2 dl crème fraÎche
  • 2 fedd kvitløk, knust
  • 1 ss fersk rosmarin, finhakka
  • 1 ss fersk timian, finhakka
  • salt & peppar

Karamellisert sjalottløk:

  • 3 middels store sjalottløk
  • 2 ts sukker
  • smør, til steiking

Fyll:

  • ca. 200 g kantarell
  • 1 ts tørka timian
  • olivenolje + smør, til steiking
  • ca. 100 g parmesan, reven
  • 100-150 g strandaskinke
  • rucculasalat
  • fersk timian

Bland saman alle ingrediensane til pizzadeiga og elt godt i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter, til du har fått ei glatt og smidig deig. Sett til heving ein lun stad i ca. 1-1 ½ time, eller til dobbel størrelse.

Bland saman alle ingrediensane til den kvite sausen og smak til med salt og peppar. Sett til sides.

Skjær sjalottløk i tynne ringar og steik det på lav varme i ei steikepanne med smør til løken er blitt mjuk og blank. Ha i sukker og la det surre vidare til løken er karamellisert. Tilsett meir smør etter behov. Sett til sides.

Steik kantarellen i omgongar i steikepanne med litt olivenolje til den har krympa saman og fått farge. Tilsett deretter godt med smør og tørka timian og steik vidare til den er blitt gylden. Dryss over litt havsalt og sett til sides.

Forvarm steikeovnen til 240 ºC med ein pizzastein eller eit steikebrett inni. Del pizzadeiga opp i fire like store emner som du forsiktig trykker ut til tynne pizzabotnar på ca. ½ cm. Bruk fingertuppane og strekk deiga ut slik at du beheld mesteparten av lufta i deiga. Forsteik pizzabotnane på den glovarme pizzasteinen i ca. 5 minutt.

Smør utover eit lag med kvit saus på pizzabotnane. Strø deretter på litt parmesan. Så fordeler du kantarell og karamellisert sjalottløk utover pizzaane og strør resten av parmesanen på toppen. Steik i ca. 10 minutter, til pizzaen er gylden og sprø i kantane. Server pizzaen med rikeleg av rucculasalat, strandaskinke, timian og litt olivenolje på toppen.

DSC00613

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *