Karrigryte med svinekjøtt

DSC_0263
Kvardagsgryte med magert svinekjøt og smak av karri er lettvint og spennande mat.

Gryta er ganske mild på smak og passar nok dei fleste ganer, så sant du likar karrikrydder vel og merke. Gryteretten er ein rask og sunn middagsrett til vekedagane og smakar i tillegg godt.

Ingrediensar til karrigryte for 4 personar:

Gryte:

  • 400 g svinekjøtt i strimlar
  • 1 gul løk, grovhakka
  • 150 g aromasopp, i skiver
  • 1 boks vannkastanjer, i skiver
  • 1 boks bønnespirer & minimais
  • 100 g sukkererter
  • 2 ss karrikrydder
  • 2 dl utblanda grønnsaksfond/buljong
  • 2 ½ dl matfløte
  • 2 vårløk, i ringar
  • 100 g cherrytomat, delt i to
  • 1 sitron, safta
  • olivenolje til steiking
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • kokt ris/byggris/couscous
  • grøn salat

Steik svinekjøtet i ei panne på høg varme til det har fått ei fin og gylden steikeskorpe og krydre med salt og peppar. Sett kjøtet til sides og steik løk og sopp gyldent i litt olivenolje. Ha så i svinekjøtet i panna igjen og tilsett karrikrydder, vannkastanjer, bønnespirer og minimais, sukkererter, grønnsaksfond/buljong og matfløte. La gryta surre litt på svak varme til alt er varmt og har tjukna litt i konsistens.

Rett før servering har du i vårløk og cherrytomatar og rører rundt i blandinga så alt er godt blanda og blir varmt. Smak til med salt og peppar og sitronsaft. Om du synest gryta har blitt litt for «tørr» kan du gjerne tilsette meir fløte eller grønnsaksbuljong.

Server gryta saman med kokt ris eller lignande og gjerne litt grøn salat om du ønskar det. Enkel, rask og smakfull kvardagsmat!

DSC_0270

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *