Kirsebæriskrem

[dropcap]T[/dropcap]il varme dagar og solskin er det perfekt med ein god og avkjølande iskrem. Denne iskremen har ein frisk smak av søte og syrlege kirsebær og ein krema konsistens frå mascarpone og fløte som smeltar på tunga.

Sjølv om du får det aller beste resultatet ved å bruke iskremmaskin til denne oppskrifta, så er det slett ikkje nødvendig for å få ein god iskrem. Kirsebæriskremen smakar naturlegvis bedre dess meir smakfulle og søte kirsebær du brukar, men får også eit godt smaksbidrag frå kirsebærlikør eller kirsebærsirup dersom du brukar det. Kombinasjonen av syrlege kirsebær og fyldig mascarpone og fløte er uslåeleg og utgjer ein nydeleg sommardessert saman med ferske bær eller frukter.

DSC_0873

[recipe-foody]Ingrediensar til kirsebæriskrem:

  • 375 g kirsebær/moreller, steinfrie
  • 200 g sukker
  • ½ sitron, safta
  • 3 ½ dl fløte
  • 2 dl heilmjølk
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 3 eggeplommer
  • 2 ss kirsebærlikør/kirsebærsirup
  • 75 g mascarpone (evt. naturell kremost)

[/recipe-foody]

Del kirsebæra i to og ha dei i ein kjele saman med 100 g av sukkeret og safta frå ein halv sitron. Gi det eit lite oppkok og la det småputre i 5-8 minutter, til bæra er møre og sukkeret har kokt inn litt. Bruk ein stavmiksar og kjør til purè og sett til sides til avkjøling.

Pisk resten av sukkeret saman med eggeplommene til det blir luftig og lyst på farge. Ha fløte, mjølk og vaniljesukker i ein tjukkbotna kjele og varm opp til det nesten når kokepunktet. Hell deretter ¼ av den varme fløteblandinga over i eggeplommene for å temperere dei samtidig som du piskar godt for å unngå koagulerte egg. Hell deretter den tempererte eggeblandinga over i kjelen med resten av fløten og sett det over lav varme på plata. Rør i blandinga uten stopp til det tjuknar og liknar på ein litt tjukk vaniljesaus. Det kan ta ca. 10-15 minutter. Trekk kjelen frå plata og rør inn kirsebærpurè, kirsebærlikør og til slutt mascarpone. Bland til all mascarponen er smelta inn i sausen. Hell blandinga over i ein bolle og dekk med plastfolie heilt ned i overflata på blandinga slik det ikkje dannar seg damp og vatn som renn ned i blandinga. Sett i kjøleskap til det er kaldt, gjerne natta over.

Deretter har du blandinga i ei iskremmaskin og følger anvisninga til maskina. Dersom du ikkje brukar ismaskin har du blandinga i ei passande brødform eller liknande og sett den i frysaren. Rør rundt i isen kvar halvtime for å unngå iskrystallar, heilt til den er frossen.

DSC_0862

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*