Kirsebærmousse-brownie

[dropcap]K[/dropcap]irsebær er fantastisk smakskombinasjon saman med sjokolade og gir ein frisk og søt smak til mektig brownie. Så har du lyst på ein sommar-variant av brownie, er dette absolutt verdt å lage.

Eg elskar moreller og kirsebær og no er dei endeleg å finne i butikkane igjen. Sørg berre for å finne nokon med rikeleg og god smak, for brukar du smaklause kirsebær blir også moussen noko tam på smak. Både brownie og mousse er lettvint å lage, men sidan det både skal steikast og avkjølast og stivne må du rekne inn litt tid før servering. Brownie-oppskrifta rekk til to små kaker på 20 cm, så den andre kan du (som meg) enten fryse ned eller bruke med anna fyll på toppen. Denne gongen brukte eg 50/50-blanding av kokesjokolade med ca. 50 % og 70 % kakaoinnhold. Har du lyst på ei litt mørkare og meir intens kake brukar du kun 70 %.

IJmwQV%HR%CzfIIL2vA_thumb_757f

wVTrgOZMTmSIENZsRXyINQ_thumb_755f

[recipe-foody]Ingrediensar til ei rund kake på 20 cm:

Brownie (til 2 stk. 20 cm kaker):

  • 180 g smør
  • 200 g mørk kokesjokolade (50/50 med 55 % og 70 % kakaoinnhold)
  • 3 dl sukker
  • 3 egg
  • 3 ½ dl kveitemjøl
  • 2 ts ekte vaniljesukker
  • 1 toppa ts bakepulver
  • 1 klype salt

Kirsebærsaus:

  • 500 g søtkirsebær
  • 250 g sukker
  • 2-3 ss sitronsaft
  • 1 vaniljestong
  • 1 ½ dl vatn

Kirsebærmousse:

  • halvparten av kirsebærsausen (ovanfor)
  • 2 ½ plater gelatin
  • 2 ss kirsebærsirup/kirsebærlikør (kan sløyfast)
  • 2 dl kremfløyte

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 150 ºC og kle to springformer på 20 cm med bakepapir i botnen.

Smelt smør og grovhakka kokesjokolade på lav varme i ein kjele. Rør litt rundt i det slik at det blandar seg saman og ikkje brenn seg fast i botnen. Avkjøl eit par minutt og tilset deretter sukkeret og bland det godt. Rør inn egga eitt om gongen og rør godt mellom kvart av dei. Ha deretter i kveitemjøl, vaniljesukker, bakepulver og salt. Bland saman. Fordel halvparten av kakerøra i kvar springform. Set kakene på rist midt i steikeomnen og lat stå i ca. 20-25 minutt avhengig av korleis omnen din steiker. Kaka skal ha stivna i kantane og ha ei sprø overflate men disse lett i midten når den er ferdig. Avkjøl heilt i forma før du set den i kjøleskap til neste dag.

For å lage kirsebærsausen deler du kirsebæra i to og fjernar steinen. Ha kirsebær, sukker, og vatn i ein middels stor kjele. Del vaniljestong i to og skrap ut frøa. Ha begge deler i kjelen. Kok opp. Rør rundt i kjelen innimellom slik det ikkje brenn seg i botnen. Lat småputre på lav varme i ca. 30 minutt, eller til det har tjukna litt og bæra er møre. Smak til med sitronsaft til sausen er passe frisk. Bruk ein stavmiksar og mos alt godt. Lat småputre eit par minutt ekstra. Hell over på reint og sterilt glas og avkjøl heilt før du set i kjøleskap.

Når både kakebotn og kirsebærsaus er avkjølt kan du lage moussen (hugs på at ingrediensane til mousse berre rekk til èin brownie). Legg gelatin i blaut i kaldt vatn i ca. 10 minutt. Bruk ca. halvparten av kirsebærsausen. Sil av gjennom ei sikt slik at du får ein glatt saus og får fjerna vaniljestonga. Ha sausen i ein kjele og varm opp til den nesten når kokepunktet. Klem ut vatnet av gelatinen og ha i sausen. Rør godt rundt og avkjøl sausen til den er fingervarm og gjerne enda kaldare. Ha i kirsebærsirup. Pisk fløyte til stiv krem. Ha ein tredjedel av kremfløyta i den avkjølte kirsebærsausen og bland det godt saman. Ha i resten av kremen i to omgongar og vend det forsiktig inn slik du beheld lufta. Ta fram brownie-botnen og bruk ein skarp kniv til å losne kaka frå springforma slik det blir lettare å få ut av forma før servering. Hell moussen på toppen av kaka og glatt ut overflata. Dekk forma med plastfolie og set i kjøleskap i minimum 4 timar eller til moussen er heilt stivna.

Bruk ein skarp kniv og skjær forsiktig rundt kanten av forma for å losne opp moussen frå kantane. Set kaka på fat og pynt med ønska pynt og ferske bær. Server kaka med resten av kirsebærsausen (vil du ha ein heilt glatt saus siler du den også).

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*