Kjøleskapsgraut med kiwi og pasjonsfrukt

DSC_0003

Kjøleskapsgraut er eit ypperleg alternativ om du ikkje er glad i varm mat til frukosten, men likevel er glad i graut. Dei fleste har også dårleg tid om morgonen og nettopp derfor er denne perfekt.

Kjøleskapsgrauten lagar du til kvelden før og toppar med ønska tilbehør rett før du skal ete. Raskt, enkelt og sunt utan stress. Smaken er det berre å variere alt etter kor søtt du vil ha det.

Ingrediensar til to porsjonar med kjøleskapsgraut (ca. 2 dl pr stk):

  • 2 kiwi (bruk godt modne kiwi)
  • 2 pasjonsfrukt
  • ¼ banan
  • 1 ½ dl gresk yoghurt
  • ½ dl melk
  • 2 dl speltflak/havregryn
  • 2 ss honning
  • 1 klype vaniljepulver
  • sitronsaft
  • Kiwi til topping
  • hakka mandler el. andre nøtter

Skrell kiwien og bananen og ha i ein stavmiksar saman med honningen og kjør til purè. Tilsett så saft og frø frå pasjonsfrukta, melk og gresk yoghurt. Bland så inn havregryn og speltflak, vaniljepulver og smak til med litt sitronsaft eller eventuelt meir honning om det trengs. Ha så over i små porsjonsglas eller krukker og sett i kjøleskap til neste dag.

Neste morgon er det berre å skjære opp litt frisk kiwi og hakke litt nøtter og strø på toppen saman med litt honning. Friskt, syrleg og sunt!

DSC_0009

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *