Kjøtbollar i sennepssaus

[dropcap]K[/dropcap]jøtbollar med enkle og gode smakar, fyldig sennepssaus og tyttebær er tradisjonskost som alltid smakar godt.

Rett nok er ikkje dette som dei tradisjonelle kjøtkakene i brun saus som vi har så kjært her i Noreg, men retten liknar meir på kjøtbollane dei serverer i nabolandet Sverige. Uansett har desse rettane mange likheitsteikn og er ekte skandinavisk mat. Sjølv om eg er svært glad i masse eksotiske krydder og sterke smakar, så er det innimellom ingenting som er betre enn skikkeleg god gammal tradisjonskost. Kjøtbollane og sennepssausen smakar nydeleg med kokte poteter eller potetmos og gjerne ein klatt tyttebærsyltetøy.

hq4nFrh5SFuSyKsoia+L0Q_thumb_7048

8%PwKRB+TbCBlhjQ1FYKEw_thumb_7050

[recipe-foody]Ingrediensar for ca. 4 personar:

Kjøtbollar:

  • 400 g kjøtdeig av storfe
  • 1 sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss tørka oregano
  • 1 klype muskatnøtt, malt
  • 1 egg
  • salt & pepar

Sennepssaus:

  • 4 ss smør
  • 3 ss kveitemjøl
  • 5 dl god kjøtkraft
  • 1 ½ dl fløte
  • 4 ts dijonsennep
  • 2 ts grov sennep
  • salt & pepar
  • evt. ein neve tyttebær

Til servering:

  • kokte poteter/potetmos
  • tyttebærsyltetøy
  • persille

[/recipe-foody]

Finhakk sjalottløk og kvitløk og bland saman med kjøtdeiga, oregano, muskatnøtt og egg. Krydre godt med salt og pepar og kna saman til du får ei fast farse. Form til små kjøtbollar. Varm opp ei steikepanne med høge kantar og ha i ein klatt smør. Steik kjøtbollane til dei har fått ei gylden steikeskorpe og legg til sides på eit fat.

Smelt smøret til sausen på middels lav varme i steikepanna du steikte kjøtbollane i. Når smøret er smelta har du i kveitemjølet under omrøring. Tilset krafta litt og litt om gongen medan du framleis rører godt rundt. Lat det få eit oppkok og deretter få småputre i ca. 5-10 minutt. Ha i fløte og sennep og lat sausen få småkoke vidare til den tjuknar litt. Smak til med salt og pepar. Dersom du ønsker det kan du tilsetje ein neve med tyttebær i sausen for å få ein fin og syrleg kontrast den fyldige sausen. Server kjøtbollane og sennepssausen saman med poteter og tyttebærsyltetøy og gjerne eit lite dryss persille på toppen.

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*