Kladdkake med krem & bær

DSC_0419

Ei saftig og klissete kladdkake eller browniekake er alltid velkomen bakst på bordet for både store og små. Denne kaka her er inget unntak. Kaka inneheld bitar av Ritz-kjeks og er toppa med ein crème fraîche-krem med lime og masse ferske bær slik du får både søtt og friskt i samme kake.

Kaka skal vere ganske rå og klissete seig i midten, så fortvil ikkje om den fell saman i midten etter at du har tatt den ut av ovnen. Kaka er fin å servere som ein dessert med masse ferske bær eller frukt og ein kopp kaffe.

DSC_0404

Ingrediensar til kladdkake for ca. 8-10 personar:

Kladdkake:

  • 150 g smør
  • 150 g sukker
  • 150 g demerarasukker
  • 70 g bakekakao
  • 150 g kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 1 klype salt
  • 4 egg
  • 1 ts vaniljesukker
  • ca. 50 g Ritz-kjeks

Crème fraÎche-krem:

  • 2 dl lett crème fraÎche
  • 1 dl fløte
  • 4 ss melis
  • ½ vaniljestang, frøa
  • 1 lime, skalet
  • ferske bær, til servering

Forvarm steikeovnen til 170 ºC og kle ei springform på 24 cm med bakepapir i botnen.

Smelt smøret i ein kjele over middels lav varme. Tilsett sukkeret og bakekakao og la det smelte inn litt. Ta kjelen av varmen og ha i kveitemjøl, natron og salt og rør godt saman til ei litt tørr blanding. Ha egg og vaniljesukker i ein bolle og pisk det lett saman. Ha smør-blandinga i egga og rør det heile godt saman til ei jamn røre. Knus Ritz-kjeks i store bitar og ha ca. halvparten i røra. Hell røra over i springforma og strø resten av kjeksa på toppen. Steik kaka midt i ovnen i ca. 24-25 minutter. Kaka skal fortsatt ha klissete røre i midten av kaka om du testar med ein tannpirkar under steiking. Avkjøl kaka på rist før du setter den til kjøling i kjøleskapet.

Pisk saman crème fraÎche, melis og vaniljefrø i ein bolle. Ha i fløten og pisk deretter alt saman til du får ein stiv krem. Riv skalet på ein lime og ha det i kremen. Fordel kremen utover toppen på kaka og topp med masse ferske bær. Om du vil ha noko sprøtt i tillegg kan du knuse litt ekstra Ritz-kjeks på toppen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *