Knekkebrød med soltørka tomat

DSC_0231

Kvardag og ny veke og då passar det vel godt med oppskrift på sunne og velsmakande knekkebrød med soltørka tomat.

Heimelaga knekkebrød er lett å få til, smakar mykje bedre enn ferdigkjøpte og er ikkje minst sunne. Desse knekkebrøda blandar du saman røra til i ein fei og så er det berre å vente medan dei står i ovnen.

Ingrediensar til ca. 30 knekkebrød:

  • 3 dl grovt sammalt rugmel
  • 5 dl havregryn
  • 3 dl solsikkefrø
  • 1 ½ dl sesamfrø
  • 1 ½ dl linfrø
  • 3 dl kruskakli
  • ca. 2 dl soltørka tomat i krydderolje ( finkutta bitar og runne av for oljen)
  • 1 ts salt
  • 8 dl vatn

Forvarm steikeovnen til 160 ºC varmluft.

Bland saman alle dei tørre ingrediensane til knekkebrøda og ha det i ein foodprocessor med knivblad. Tilsett soltørka tomat og vatn og la blandinga kjøre til alt er fint blanda saman. Fordel massa på to bakepapirkledte steikebrett med ein slikkepott. Blandinga blir ganske så tjukk og seig, så om du synest den er vanskeleg å smøre jamnt utover kan du dyppe slikkepotten i litt kaldt vatn innimellom for å hindre at den klebar for mykje fast i røra.

Når du har fått smørt utover røra i eit jamnt og fint lag utover på bretta så sett du eit brett øverst og eit brett nederst i steikeovnen og lar det stå i 10 minutter. Ta ut bretta og rut opp passelege knekkebrødstykker med ein pizzakniv og sett bretta inn i ovnen igjen og lar det stå i ca. 1 time til. Halvvegs i steiketida kan du bytte plass på bretta. Om knekkebrøda ikkje er tørre og sprø nok etter steiketida er gått ut kan du skru ned ovnen på ca. 50 ºC og la dei stå og tørke til dei er sprø nok.

Server dei rykande ferske knekkebrøda med godt smør eller pålegg til og nyt med god samvittigheit. Eit lite tips er å smøre på meierismør og legge på nokre strimlar med soltørka tomat med litt fersk basilikum på toppen, det smakar nydeleg!

DSC_0211

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *