Krema soppsuppe

DSC_0372 2

Ei god krema soppsuppe med bitar av champignonsopp og purreløk saman med rista brød er noko av det beste du kan servere meg ein vinterkveld. Denne suppa er nettopp dette. Soppsuppa har ein aromatisk og mild smak av champignon og ein krema og mjuk konsistens som smeltar på tunga.

Sopp er noko av det beste eg veit (i tillegg til alt anna!) og i suppeform får det ein herleg og framtredande smak. Synest du suppa blir vel tjukk kan du tilsette meir kraft eller fløte, men ei god soppsuppe skal etter mi meining vere fyldig og krema på konsistens. Då passar det også perfekt med ei sprørista brødskive ved sidan av slik som eg har gjort her med olivenbrødet som du finn oppskrift på her.

DSC_0379

Ingrediensar til soppsuppe for ca. 4 personar:

  • 1 ss olivenolje
  • 1 ss smør
  • 2 store sjalottløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 500 g champignonsopp
  • 1 ss smør + 2 ss hvetemel
  • 1 ts tørka timian
  • 7-8 dl god kyllingkraft
  • 2 dl kremfløte
  • ¼ purreløk, både av det kvite & grøne
  • 2 ss fersk bladpersille
  • salt & peppar

Varm opp olivenolje og smør i ei stor gryte. Finhakk sjalottløk og kvitløksfedda og ha dei i gryta og la det surre i nokre minutter på middels varme til løken er blank. Kutt soppen i små terningar og tilsett i panna. La det steike i ca. 5-7 minutter på litt høgare varme, slik at soppen slepp ut væska og blir gyldenbrun. Ha i 1 ss smør og 2 ss hvetemel og rør godt rundt. No vil soppblandinga tjukne litt og du får eit lag med steikeskorpe i botnen på gryta. Ha i tørka timian og all kyllingkrafta og la det koke opp medan du skrapar med alle steikeskorpene i botnen på panna (der sitt det nemleg masse god smak). Skru ned varmen og la suppa småputre i ca. 10 minutter.

DSC_0378 2

Deretter ausar du av ca. ein tredjedel av soppbitane frå suppa og legg til sides i ei skål. Ha i fløten i gryta og bruk ein stavmiksar til å kjøre blandinga til ei glatt og tjukk suppe. Finhakk purreløkk og fersk persille og ha i suppa saman med dei resterande soppbitane som du la til sides. Om du vil kan du gjerne ta vare på litt av soppen, purren og persillen og bruke som garnityr på toppen ved servering. Gi suppa eit lite og raskt oppkok igjen og smak til med salt og peppar. Server suppa saman med litt rista brød og gjerne nokre dråpar trøffelolje.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *