Krydderkake med sjokoladeganache

3hqrsx9srwegg3weavkxgw_thumb_62f1

Ei saftig krydderkake med rennande mørk sjokoladeglasur og fersk frukt smakar herlig godt til ein kopp kaffe eller te. Denne kaka inneheld krydder som kardemomme, allehånde og kanel som gir god aroma og kefir som gjer den saftig og god.

Krydderkake er noko som fell i smak hos både liten og stor. Sjokoladeganachen som renn nedover sidene kan du også variere med lysare og mildare sjokolade om du ønskar ein litt søtare smak. Kaka er steikt i ei randform som rommar ca. 2 liter, men du kan også bruke ei form som er enda litt mindre i størrelse. Krydderkaka blir ekstra saftig ved å stå i kjøleskapet over natta før du skal servere. Saman med kaka og sjokoladeganachen smakar det ekstra godt med fersk frukt eller bær og gjerne litt hakka nøtter.

b4mmz4nsbqguwanbdey5g_thumb_62ed

l7gbgvpt9sq5a1f83owtw_thumb_630b

Ingrediensar til krydderkake for ca. 8-10 personar:

  • 100 g smør
  • 3 egg
  • 275 g sukker
  • 4 dl kefir
  • 400 g kveitemjøl
  • 3 ts natron
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 2 ts malt kanel
  • 2 ts malt kardemomme
  • 1 ts allehånde
  • ½ ts malt ingefær

Sjokoladeganache:

  • 100 g mørk kokesjokolade (gjerne 50-60 % kakaoinnhald)
  • 1 dl kremfløte
  • 1 ts lys sirup
  • fersk frukt eller bær, til servering (gjerne fiken, bjørnebær etc.)
  • hakka nøtter, til pynt (for eks. mandlar)

Forvarm steikeovnen til 175 ºC. Smør og strø ei randform som rommar ca. 2 liter.

Smelt smøret på lav varme og la det avkjøle seg litt. Pisk egg og sukker til luftig eggedosis. Hell i det lett avkjølte smøret i eggedosisen medan du rører forsiktig rundt slik det blandar seg godt saman. Rør inn kefir. Ha i kveitemjøl, natron, vaniljesukker og alt krydderet og bland saman til ei jamn røre. Hell røra over i den smurte forma. Steik kaka i nederste del av steikeovnen i ca. 40 minutt, til ein kakepinne kjem ut fri frå kakerøre når du sjekkar. Lat kaka avkjøle seg i ca. 10 minutt før du snur forma opp ned og dunkar kaka forsiktig ut. La avkjøle heilt på rist før du pakka kaka godt inn og sett til nedkjøling i kjøleskap.

For å lage sjokoladeganache hakkar du sjokoladen heilt fint og har den over i ei skål.  Ha fløte og sirup i ein kjele og varm det opp til det nesten når kokepunktet. Hell den varme fløten over sjokoladen i skåla og lat det stå slik i eit par minutt. Bruk ei skei og rør rundt i blandinga til den samlar seg og du får ein glansfull og jamn sjokoladeganache. La den avkjøle seg litt.

Sett kaka på eit kakefat og bruk ei skei til å helle sjokoladeganache rundt kanten på toppen av kaka slik det renn nedover sidene. Dryss over hakka nøtter og pynt med litt ferske frukter eller bær.

fl1xwmmiteopnbxoqfiafa_thumb_6312

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *