Krydderkake med sjokoladeostekrem & blåbær

[dropcap]S[/dropcap]aftig og krydra sjokoladekake med sjokoladekremostglasur og norske skogsblåbær på toppen vekker gamle minner frå barndommens krydderkaker.

Skogane bugnar av søte og smakfulle blåbær no og då er tida inne for å gå ut og plukke i bøtter og spann. Dei smakfulle og søte blåbæra saman med smaken av syrleg og fyldig kremost, sjokolade og krydder er ein herleg kombinasjon. Denne kaka kan du fint toppe med andre typar bær som ripsbær, bringebær eller jordbær også. Sjølv synest eg det er noko ekstra spesielt med dei søte små og blå i kombinasjon med sjokolade og krydder. Kaka blir veldig høg om du lagar den i samme størrelse form som eg brukte, så her kan du trygt lage i større form og få ei litt lavare kake. Husk då berre på å justere ned på steiketida i tillegg.

DSC_0295

[recipe-foody]Ingrediensar til krydderkake med sjokoladeostekrem & blåbær:

Krydderkake:

  • 125 g smør
  • 2 store egg
  • 250 g sukker
  • 2 toppa ss bakekakao
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ½ ts natron
  • 1 ½ ts kanel
  • 1 ½ ts kardemomme
  • 1 ½ ts malt nellik
  • 225 g hvetemel
  • 3 dl kulturmjølk

Sjokoladeostekrem:

  • 200 g kremost, naturell
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 1 dl melis
  • 2 ss kakao
  • 1 ½ dl kremfløte
  • ca. 2 dl ferske skogsblåbær

[/recipe-foody]

Forvarm ovnen til 190 ºC.

Smelt smøret i ein kjele på lav varme og la det avkjøle seg litt. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland inn det avkjølte smøret i eggedosisen. Bland saman alt det tørre i ein bolle og tilsett så det tørre og kulturmjølka vekselvis i røra og bland forsiktig med ein slikkepott. Ha røra i ei bakepapirkledd form på ca. 24 cm x 15 cm (her kan du gjerne bruke større form og mindre steiketid) og steik midt i ovnen i ca. 35 minutter. Alle steikeovnar er forskjellige så følg med og juster steiketida etter din eigen ovn. Kaka er ferdig når du stikker ein kakepinne midt i kaka og den kjem ut fri frå kakerøre. Pass berre på at du ikkje steiker for lenge slik kaka blir tørr. Avkjøl kaka i forma. La gjerne kaka stå i kjøleskap over natta før du serverer den, slik at kaka får satt seg og blir ekstra saftig.

For å lage sjokoladeostekremen har du kremost, vaniljeekstrakt , melis og kakao i ein bolle og piskar det mjukt og luftig. Pisk kremfløten stiv i ein bolle og rør inn ca. ein tredjedel av den i osteblandinga. Vend så inn resten av kremen i osteblandinga forsiktig med ein slikkepott slik du bevarer luftigheita. Smør sjokoladeostekremen utover kaka og topp med ferskplukka norske blåbær eller andre bær og nyt. Eit glas kald mjølk saman med kaka smakar nydeleg!

DSC_0275

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*