Kvardagsbiff med kantarellsjysaus & byggris

[dropcap]B[/dropcap]iffmiddag behøver ikkje bety helg og usunn mat. Her får du oppskrift og framgangsmåte til ein biffmiddag du trygt kan ete på ein kvardag. Entrecote servert med ein kantarellsjysaus, lune tomatar og byggris.

Biffkjøt er ofte reint og magert kjøt og kan vere eit sunt måltid. Akkurat i denne oppskrifta har eg brukt entrecote som er eit litt meir fettmarmorert kjøtstykke. Du kan trygt bytte ut med reinare kjøtstykke som mørbrad eller ytrefilet eller også bytte til filet av svin for å få det enda meir magert. Sausen inneheld også litt fløte, men saman med alt det andre utgjer det ikkje store greiene. Byggris er eit sunnare alternativ til vanleg ris og gir ein spennande variasjon på tilbehøret.

[recipe-foody]Ingrediensar til kvardagsbiff med kantarellsaus for 2 personar:

  • ca. 2 x 180 g entrecote/mørbrad av storfe
  • salt & peppar
  • smør til steiking

Kantarellsjysaus:

  • 150-200 g kantarell
  • 1 stor sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 2 dl kyllingkraft
  • 1 ½ dl fløte
  • 1 ss hvitvinseddik
  • 2-3 ss fersk persille, finhakka
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • byggris
  • rucculasalat
  • cherrytomatar

[/recipe-foody]

Steik kantarellen i ei tørr steikepanne i nokre minutter før du tilsetter litt olivenolje. La kantarellen steike til den har blitt gylden på farge, krydre med salt og peppar og sett så til sides. Finhakk sjalottløk og kvitløk og la det surre i steikepanna til det blir mjukt. Ha i kyllingkraft, fløte, hvitvinseddik og persille og la det koke opp. Ha i kantarellen i sausen og legg på lokk og la det småputre på lav varme i ca. 15 minutter, til sausen har tjukna litt. Smak til med sitronsaft, salt og peppar og gjerne litt ekstra persille.

Samtidig som sausen står og småputrar litt kan du koke opp byggris. Tørk kjøtet med litt kjøkkenpapir og krydre biffane godt med salt og peppar. Smelt litt smør i ei steikepanne og steik biffane på høg varme i nokre minutter på kvar side, slik dei får ei sprø og gylden steikeskorpe. Legg cherrytomatane i steikepanna samtidig som du steiker kjøtet, slik at dei blir lune og får litt farge. Skru ned varmen litt og la biffane stå til dei er stekt slik du vil ha dei (sjølv synest eg det er best med medium rosastekt biff). Server biffkjøt med kantarellsjysaus, lune cherrytomatar, rucculasalat, byggris og strø litt finhakka persille på toppen.

DSC_0103

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*