Kvepsebol

[dropcap]K[/dropcap]akebokser som skal fyllast til jul betyr ein heil del eksperimentering og smaking på diverse søtsaker. Med nokre eggekviter til overs og ein forkjærleik for lakris, sjokolade og nøtter så blei desse marengskjeksa til. Kvepsebol som dei så fint heiter er små kjeks av marengs som er fylte med bitar av sjokolade og nøtter. Desse har eg smakssatt med lakris og dei inneheld bitar av mørk sjokolade og hasselnøtter.

Kvepsebola synest eg er aller best når dei blir skikkeleg sprø på utsida, men framleis har ei litt seig innside. Og nettopp det lykkast eg med på denne varianten. Smaken av lakris er akkurat passe framtredande og gjer at den ellers så søte marengsen ikkje blir fullt like søt. Hasselnøttene kan du også bytte ut med andre typar nøtter dersom du vil det. Kjeksa er utruleg enkle å lage og eg kan love deg at dei raskt får bein å gå på!

stqhjixotagybidoi3fc7g_thumb_64ff

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 30-32 stk. kvepsebol:

  • 4 eggekviter (gjerne romtempererte)
  • 275 g sukker
  • 2 ts vaniljesukker
  • 2 ts lakrisrotpulver (smak deg fram)
  • ca. 150-200 g mørk kokesjokolade, grovhakka
  • 100 g hasselnøtter, grovhakka

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 175-180 ºC (avhengig av kor hardt ovnen din steiker).

Ha eggekvitene i ein rein bolle og pisk dei i kjøkenmaskin til det begynner å skumme og du får stive toppar. Ha i sukkeret litt og litt i gongen medan du framleis piskar på middels hastigheit. Pisk til du har fått ein glatt og skinnande seig marengs og alt sukkeret er oppløyst. Dette kan ta nokre minutt. Ha i vaniljesukker og lakrisrotpulver og pisk vidare på høg hastigheit i ca. 2 minutt ekstra. Vend forsiktig inn grovhakka sjokolade og nøtter med ein slikkepott. Bruk ei spiseskei og sett store toppar med marengs på bakepapirkledd steikebrett med god avstand mellom kvar. Bruk ca. 1-2 ss med marengs pr. kjeks, og hugs på at dei utvidar seg ein del under steiking. Steik midt i ovnen i ca. 14-16 minutt. La dei avkjøle seg heilt på brettet før du flyttar på dei. Du kan også la dei stå i ovnen på ettervarmen til dei er heilt kalde slik du er sikker på at dei blir heilt tørre på overflata og undersida. Oppbevar på tett boks.

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*