Kvit pizza med eple, spekeskinke & smørstekt fennikel

DSC_0525

Pizza med tynn botn og italiensk preg er og forblir ein av mine favorittar når det kjem til kosemat. Denne varianten har kvit saus som er det eg likar best og er toppa med masse gode råvarer. Spekeskinke, eple, fennikel og sjalottløk er blant ingrediensane og gjer denne pizzaen til noko nydeleg godt.

Pizza er enkel mat som går raskt å lage ein fredagskveld der du ikkje orkar for mykje kokkelering. Når du har laga deiga er det meste gjort med ein italiensk pizza. Botnen skal steike kun nokre få minutter og fyllet krever som regel ikkje noko særleg med tilberedning på førehand. Den kvite pizzasausen tek det også berre eit par minutter å røre saman, så her snakkar vi kjapp mat med ekstremt god smak. Eple og fennikel er kanskje ikkje det fyrste du tenker på når du skal ha pizzafyll, men tru meg når eg seier at du berre måå prøve. Fennikelen smakar mildt av lakris og passar perfekt saman med den salte spekeskinka og det søte og syrlege frå eplet.

DSC_0470

DSC_0521

Ingrediensar til 2 stk store runde pizza (til ca. 4-5 personar):

Pizzadeig (gir 2 store eller 4 små pizza):

  • 400 g durum kveitemjøl/ tipo 00 pizzamjøl
  • 150 g kveitemjøl
  • 25 g gjær
  • 10 g salt
  • 50 g olivenolje
  • 320 g vatn
  • durum semolinamjøl, til utbaking

Kvit saus:

  • 2 dl crème fraÎche
  • 2 fedd kvitløk, knust
  • 1 ss fersk rosmarin, finhakka
  • 1 ss fersk timian, finhakka
  • salt & peppar

Pizzafyll:

  • ½ fennikel
  • ¾ eple (Pink Lady)
  • 100 g spekeskinke
  • 150 g mozzarella
  • 1 middels stor sjalottløk
  • parmesan

Til servering:

  • parmesanflak
  • fersk timian
  • ruccula

Bland saman alle ingrediensane til pizzadeiga og elt godt i maskin i ca. 10 minutter. Juster eventuelt med meir vatn eller kveitemjøl. Når deiga er glatt og smidig formar du den rund og legg den til heving i ein bakebolle med plastfolie. La heve til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.

Medan deiga hevar kan du gjere klart fyllet. Skjær fennikel i tynne skiver på ca. ½ cm. Varm opp ei steikepanne og ha i smør. Steik fennikelen på middels lav varme til den blir gylden og mør og krydre forsiktig med litt salt og peppar. Skjær eplet i tynne skiver med ein kniv eller ostehøvel. Skjær deretter mozzarella i skiver og sjalottløk i tynne ringar. Så har du alt klart til steiking.

Forvarm ein pizzabakestein eller steikebrett i steikeovn på 240 ºC. Del den ferdigheva pizzadeiga i to emner. Strø litt semolinamjøl på benken og trykk forsiktig ut eine emnet til ein oval sirkel. Bruk fingertuppane og strekk og form deiga uten å trykke ut all lufta, heilt til du får ein passe tynn botn på ca. ½ cm tjukkelse. Strø litt semolinamjøl på den varme pizzasteinen i ovnen og forflytt pizzabotnen over på den og steik i ca. 5 minutter. Gjenta med neste.

Samtidig som pizzabotnen står i ovnen rører du saman ingrediensane til den kvite sausen og smakar til med litt salt og peppar.

Etter 5 minutter i ovnen tek du ut pizzabotnen og smører eit lag med kvit saus utover heile. Riv litt parmesan over sausen og fordel fennikel, eple, spekeskinke, mozzarella og sjalottløk utover pizzabotnen. Sett pizzaen tilbake i ovnen på den varme steinen og la steike til den er gylden på farge og sprø i kantane, ca. 10 minutter. Server med nykverna peppar, parmesanflak, fersk timian og eventuelt litt rucculasalat.

DSC_0504

2 comments

  1. Utrolig lekker pizza! Spekeskinka blir ikke tørr av å bli med inn i ovnen på full guffe?

    1. Den blir berre sprø og får fram saltsmaken ekstra godt, som eg synest er kjempe godt! Dersom du vil ha den mjuk og fersk kan du tilsette den på pizzaen etter steiking!:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *