Kvit pizza med sopp, ramsløkpesto & coppaskinke

SPONSA INNLEGG

[dropcap]K[/dropcap]vit pizza har nok ein gong funne vegen til mathjertet mitt og denne blei ny favoritt. Pizzaen har den gode kvite sausen av crème fraiche, steikt champignon, pesto av ramsløk og herleg coppaskinke frå Tind.

Pizzaen er utruleg enkel å lage og sidan den inneheld relativt få ingrediensar får smakane i dei utvalde råvarene den plassen dei fortener i smaksbiletet. Dersom du ikkje har ramsløk tilgjengeleg kan du fint bruke vanleg heimelaga pesto av basilikum i staden. Eg har vore så heldig å få teste ut nokre spekevarer frå Tind Spekevarer som held til her på Sunnmøre. Den vellagra coppaskinka frå Tind spekevarer som eg har toppa pizzaen med er akkurat passe salt og gir pizzaen eit løft. Det marmorerte kjøtet i skinka gir ein fyldig og rund smak og inneheld også sennepsfrø som gir litt ekstra aroma.

XXeRszzcRnyCIT8CKUVVHA_thumb_6e04

daKEobmoRxSyGPYU8QjFog_thumb_6e02

[recipe-foody]Ingrediensar til 2 stk. porsjonspizza:

Pizzadeig:

  • 175 g durumkveite
  • 175 g kveitemjøl
  • 15 g ferskgjær
  • 5 g salt
  • 25 g olivenolje
  • 160 g romtemperert vatn

Kvit saus:

  • 1 dl crème fraiche
  • 1 liten sjalottløk, finhakka
  • 1 ss fersk sitrontimian, finhakka
  • salt & pepar

Topping:

  • ca. 150 g champignon
  • 125 g mozzarella
  • ramsløkpesto (oppskrift her)
  • Tind vellagra coppaskinke

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensane til pizzadeiga i ein bakebolle og elt saman deiga i kjøkenmaskin til den er glatt og smidig, ca. 5-10 minutt. Set til heving ein lun stad i ca. 1 times tid.

Medan deiga hevar kan du gjere klart fyllet. For å lage den kvite sausen blandar du saman crème fraiche , sjalottløk og timian og smakar til med salt og pepar. Skjær champignonsoppen i skiver på ca. ½ cm tjukkelse og steik dei gyldne i steikepanne med litt smør. Krydre lett med salt og pepar og set til sides. Skjær mozzarella i skiver.

Set inn ein pizzastein eller eit steikebrett i kald steikeomn og forvarm omnen til 240 ºC. Når omnen og pizzasteinen er god og varm deler du deiga i to emner som du trykker ut til runde pizza på ca. 30 cm i diameter. Bruk fingrane forsiktig og strekk i deiga slik du ikkje pressar ut all lufta. Smør utover eit lag med kvit saus og fordel champignon og mozzarella utover pizzaen. Krydre forsiktig med litt pepar på toppen. Set pizzaen på den glovarme pizzasteinen og steik i ca. 12-15 minutt, til den er gylden og sprø. Legg coppaskinke og pesto på toppen av pizzaen og server!

Mbh2pqsmTly+G6Y%4giEpQ_thumb_6dfd

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*