Kvit sjokolade-panna cotta & kiwipurè

[dropcap]D[/dropcap]enne panna cottaen har søt smak av kvit sjokolade og er servert saman med ein utruleg frisk og syrleg kiwipurè som balanserer det heile. Desserten er både søt, fløyelsmjuk og frisk på smak og farge, og er sjølve biletet på vårfølelse i etande utgåve.

Enkelte dessertar og kaker har ein tendens til å bli fast innslag hos meg, og saman med ostekaker er nok panna cotta ein av dei. Lysta på panna cotta er stadig like stor og då gjeld det å prøve seg fram med ulike variantar og smakar slik at eg ikkje skal gå lei (ikkje at det er nokon fare). Denne utgåva vart nok av dei mest friske typane eg har laga på grunn av den gode purèen. Kvit sjokolade gir ein søt og god smak som ofte kan bli litt i søtaste laget så då var kiwipurè med fersk mynte perfekt tilbehør.

DSC_0399

[recipe-foody]Ingrediensar til panna cotta for ca. 4 personar:

Kvit sjokolade-panna cotta:

  • 2 ½ gelatinplater
  • 2 ½ dl fløte
  • 1 dl heilmjølk
  • 2 ss sukker
  • 100 g kvit sjokolade av god kvalitet, finhakka
  • 3 ss lettrømme

Kiwipurè:

  • 4 kiwi, godt modne
  • 2 ss melis
  • 2 ss fersk mynte
  • sitronsaft

[/recipe-foody]

Legg gelatinplatene i bløt i kaldt vatn i ca. 5 minutter. Ha fløte, mjølk og sukker i ein kjele og gi det eit lite oppkok. Klem ut vatnet av gelatinen og ha det i den varme fløten og rør rundt. Trekk kjelen av varmen og tilsett den finhakka sjokoladen. La det stå litt før du rører i det. Rør deretter rundt med ein visp til all sjokoladen er smelta inn i fløten. La det kjøle seg ned eit par minutter før du rører inn lettrømme til alt er glatt og blankt. Hell blandinga over i porsjonsglas og la det avkjøle seg litt før du setter glasa i kjøleskapet. La panna cottaen stå kaldt til den er stiv, ca. minimum 2-3 timar eller gjerne til neste dag.

Skjær av skalet på kiwiane og ha fruktkjøtet i ein stavmiksar saman med melis og fersk mynte og kjør til ein glatt purè. Smak til med sitronsaft og eventuelt meir melis etter behov. Hell eit lag med kiwipurè over kvar panna cotta og server umiddelbart.

 

4 Kommentarar

  1. Claudia Araya

    Jeg laget denne desserten i går, sammen med hjortegryten som ligger på siden din. Det var to nydelige retter!!
    Jeg har aldri laget hjortegryte eller panna cotta før, men oppskriften var veldig lett å følge. Tusen takk! For super oppskrifter og for at du deler. I går imponerte jeg svigerfamilien 😉

    • Veldig kjekt å høre at det blei ein suksess både med dessert og middag!:) Og tusen takk for super tilbakemelding, det sett eg stor pris på!

  2. Hei! Tenkte å lage denne til helgen. Hvordan tror du det er å lage en kjeksbunn i bunnen av glasset, slik at det blir litt som en ostekake i glass? 🙂

    • Hei! Det tenker eg skal gå heilt fint!:) Berre sørg for at kjeksbotnen er fast og har stivna litt før du heller over panna cotta-blandinga slik at det ikkje blandar seg og blir ei smørje. Lykke til og gi gjerne tilbakemelding! 😀

Legg att eit svar til Mari-Lene Avbryt

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*