Kvit sjokolademousse med granola & skogsbær

G2hAUoysTMmshGBO0FpHoA_thumb_769c

Syndig søt og frisk dessert med knasande kontrast er det alltid rom for. Denne desserten smakar akkurat passe mektig med søt og luftig kvit sjokolademousse mot frisk smak av norske bær og knasande havre-granola som gir tyggemotstand og konsistens.

Når ein brukar kvit sjokolade i kake eller dessert er det viktig med eit friskt motstykke for å balansere smakane. Brukar ein norske bær får ein både intens smak og farge som gir den rette syra ein treng. Enten du brukar syltetøy av blåbær og bringebær slik som eg har gjort, eller lagar coulis av blåbær, bringebær og bjørnebær-blanding er heilt opp til deg. Granolaen eg har brukt er ein av favorittane eg lagar med store havregryn, hakka mandel og honning som er steikt ekstra godt i omnen for å få rette «knasen». Bruk din eigen favoritt her, enten den er heimelaga eller kjøpt.

D6lcYRiuwuVLhc7EKhw_thumb_7697

Ingrediensar til ca. 6 glas:

Sjokolademousse:

  • 100 g kvit sjokolade
  • 4 eggeplommer
  • 1 ½ dl sukker
  • ¼ ts vaniljepulver (evt. frø frå vaniljestang)
  • 1 ½ dl kremfløyte
  • 2 plater gelatin
  • 1 klype salt
  • 2 ½ dl romtemperert kremfløyte

Skogsbær-coulis:

  • 100 g blåbær
  • 100 g bringebær
  • 100 g bjørnebær
  • melis, mengde etter smak
  • nokre dråpar sitronsaft
  • ca. 2 dl granola, til servering

Legg gelatin i blaut i kaldt vatn. Hakk opp sjokoladen fint og ha den i ei stor skål. Pisk eggeplommer, sukker og vanilje i ca. 3 minutt, til det er blitt lysare og luftigare. Varm opp 1 ½ dl kremfløyte i ein kjele til det akkurat når kokepunktet. Ta kjelen av varmen og hell ca. ein tredjedel over i eggeblandinga medan du rører godt rundt slik du unngår at det blir eggerøre. Ha i resten av fløyten og rør godt rundt før du heller alt tilbake i kjelen og set den på plata igjen over lav varme. La blandinga tjukne under stadig omrøring til den dekker baksida av ei skei og liknar på vaniljesaus i konsistens. Klem ut alt vatnet frå gelatinen og ha i blandinga og rør godt. Hell eggeblandinga gjennom ei sil og over den kvite sjokoladen. Lat det stå eit minutt før du rører rundt i det til all sjokoladen er smelta inn. Bland inn saltet. Lat kjølne litt på benken. Stivpisk 2 ½ dl kremfløyte og bland inn ein tredjedel av det i sjokoladekremen. Vend inn resten av den stivpiska kremfløyten forsiktig slik du beheld lufta. Fordel  granola i botnen på 6 litt smale og høge glas eller dessertskåler. Fordel moussen likt i glasa og set til avkjøling i kjøleskap i ca. 3-4 timar eller gjerne over natta.

For å lage coulis har du bær og litt melis i ein stavmiksar. Kjør til glatt saus. Smak til med melis og sitron undervegs sidan du gjerne vil behalde så frisk smak som mogleg. Hell coulis over moussen rett før servering og topp med litt granola.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *