Kvitlauksdressing

Innlegget inneheld reklame: IngridK Keramikk

Ein god kvitlauksdressing er eit must til grillmat, salatar eller som saus til kvit pizza. Og den er sjølvsagt aller best når du lagar den sjølv.

Denne dressingen brukte eg saman med grilla kjøt og til salat ein dag, og neste dag brukte eg resten som saus til ein kvit pizza. Den smakar rikeleg av kvitlauk og er du ikkje glad i det, så kan eg berre be deg om å droppe denne med ein gong. Men kven likar vel ikkje kvitlauk?! Har du andre favorittar når det kjem til urter og krydder byttar du berre ut med det du måtte ønskje sjølv her.

REKLAME for IngridK Keramikk: Kvitlauksskrape.

Eg har vore så heldig å nok ein gong få teste ut eit nytt produkt av Ingrid Kristine Lund som står bak IngridK Keramikk. Som blei utstyret for å lage dressingen min denne gongen. Nemleg ei kvitlauksskrape. Ho driv keramikkverkstad i Åsgårdstrand og lagar utruleg flotte produkt både til kjøkenutstyr og servering. Ho tilbyr eit personleg preg på produkta og eg lovar at du får både brukarvenlege, unike og gode varer.

IngridK Keramikk
Rillene fungerer ypperleg til å rive kvitlauk.
Nydeleg grøn farge på skrapa frå IngridK Keramikk.


Skrapa er svært enkel å bruke og du får fint most purè av kvitlauken og kan deretter lage dressing eller det du måtte ha bruk for vidare i skåla. Rillene i botnen på skåla riv kvitlauksfeddet opp og vips så har du most kvitlauk utan kvitlaukspresse. I tillegg er denne skrapa svært så dekorativ og kan fint stå framme på kjøkenhylla og ved servering under bruk. Den fungerer i tillegg på både ingefær og muskatnøtt også. Eg har prøvd. Og det funkar topp! Kvitlauksskrapa er eit heilt nytt produkt, så skriv deg gjerne på nyheitsbrevet på nettsida til Ingrid for å få vite meir om bestilling!

Ingrediensar

  • 2 kvitlauksfedd

  • 1 dl rømme

  • 1/2 dl majones

  • 1 liten sjalottlauk, finhakka

  • 1 ss fersk oregano, finhakka

  • 1 ss mjølk (evt. meir om du vil ha dressingen tynnare)

  • 1 ts sukker

  • 1 ts kvitvinseddik

  • salt & pepar

Slik gjer du

  • Er du så heldig som meg og har ei slik rasp brukar du enkelt og greit den for å rive kvitlauksfedda. Elles kan du bruke vanleg kvitlaukspresse eller finhakke fedda med kniv så smått som du klarer. Finhakk sjalottlauken.
  • Rør saman rømme, majones, mjølk, sukker, oregano og kvitvinseddik. Ha i kvitlauken og sjalottlauken og bland godt inn.
  • Smak til med salt og pepar. Juster eventuelt med meir mjølk etter behov.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*