Kylling-& karrisalat i wrap

[dropcap]K[/dropcap]ylling og karri er ein kombinasjon som alltid slår an og det gjeld også i denne påleggs-salaten. Pakka inn i ei grov tortillalefse med grøn salat blir dette eit godt lunsj-måltid med mykje god smak.

Kyllingsalaten er super å lage dersom du har restar av kyllingkjøt frå middagen eller når du berre har lyst å lage opp eit godt pålegg til å fylle i tortillalefse, baguette eller på brødskiva. I tillegg er det ein fin måte å piffe opp matpakken med det kjipe pålegget på. Denne porsjonen rekk til ca. 4-6 tortillalefser (du treng ikkje alt for store mengdene i kvar) og held seg fint i kjøleskapet i ca. 3 døgn.

EIqetpIzQfi4lyupcxlivg_thumb_7644

[recipe-foody]Ingrediensar til ei middels stor skål:

  • 200 g kyllingkjøt, ferdig steikt og avkjølt
  • ½ liten rødløk
  • 1 raudt eple (gjerne Lady Pink)
  • 1 dl lettrømme
  • 1 dl majones
  • 1 ts sennep
  • 2 rause ts karrikrydder
  • 1 ss grasløk, finhakka
  • ½ ts røkt paprikapulver
  • 2 ts sweet chilisaus
  • 1 ts sukker
  • 1-2 ss mais
  • salt & pepar

[/recipe-foody]

Skjær opp kyllingkjøtet i små bitar, finhakk rødløk og skjær eplet i små terningar. Ha det i ein bolle. Finn fram ei skål og bland saman rømme, majones, sennep, karri, paprika, grasløk, chilisaus og sukker. Ha i mais og smak til med salt og pepar. Juster eventuelt med meir krydder eller rømme etter kor mykje smak du likar. Hell karri-dressingen over i bollen med kylling og bland det godt saman. Server på ønska type brød saman med grøn salat og gjerne nokre agurkskiver.

Tips: Fyll gjerne i heimelaga tortillalefser etter denne oppskrifta. Eg bytta ut litt av kveitemjølet med grovt sammalt kveitemjøl og lagde færre og større lefser av deiga.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*