Kylling med epler i kvitvinskraft

[dropcap]G[/dropcap]ryter med kylling og sprøtt skinn har blitt ein av mine store favorittar den siste tida. Kyllingkjøtet blir mykje meir saftig og får meir smak når det blir stekt og kokt i gryte med gode krydder og grønsaker.

Denne gryta blei til litt undervegs i kokkeleringa og ut ifrå det eg hadde i kjøleskapet. Resultatet vil eg seie meg godt fornøgd med! Retten er ganske mild og har både søte, syrlege og aromatiske smakar. Igjen har eg fått brukt av dei norske eplene i maten og det gir eit søtt, friskt og smakfullt preg til middagsretten.

DSC_0856

[recipe-foody]Ingrediensar til kylling med epler i kvitvinskraft for ca. 4 personar:

  • 1 heil kylling, med skinn og bein
  • 200 g aromachampignon
  • ca. 300 g regnbuegulrot
  • 2 store sjalottløk
  • 1-2 ts tørka timian
  • 3 norske epler
  • 2 ts brunsukker
  • 3 ½ dl kvitvin
  • 2 ½ dl matfløte
  • 2-3 ss eplegelè
  • 2 store vårløk, i store bitar
  • frisk timian
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Til servering:

  • kokt villris
  • grøn salat

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Del kyllingen i ca. 10 delar ( klubber, vingar, lår, bryst) og la både skinn og bein sitte på. Krydre godt med salt og peppar. Smelt litt smør og olivenolje i ei gryte med lokk. Legg kyllingen med skinnet ned i gryta og la det steike 3-4 minutter på høg varme til skinnet har fått godt med farge og er sprøtt. Snu kyllingen og steik ca. 1 minutt på andre sida også. Ta ut kyllingen og legg til sides. Skjær eplene i båtar (8 båtar pr. eple) og legg dei med sida ned i fettet frå kyllingen, strø brunsukkeret over og la det steike i ca.1 minutt på kvar side til dei har fått ei fin og gylden steikeskorpe og sukkeret har karamellisert seg. Legg eplebåtane på eit fat og spar til seinare.

Del aromachampignon, gulrot og sjalottløk i båtar og skiver og steik det gyldent i smøret i gryta i fleire omgongar. Krydre grønsakene med tørka timian, salt og peppar. Legg grønsakene over på eit fat. Tilsett kvitvinen i gryta og kok ut smakane i eit par minutter. Ha alle grønsakene tilbake i panna og tilsett matfløte, fersk timian og eplegelè og krydre med salt og peppar. Legg kylingbitane på toppen og strø over litt meir frisk timian. Legg på lokk på gryta og sett inn i steikeovnen og la det stå i ca. 25-30 minutter. Ta av lokket på gryta, ha i vårløk  og la det steike i ca. 10 minutter til. Sjekk om kyllingen er ferdig ved å stikke inn ein kniv i den tjukkaste delen og sjå etter om safta er klar på farge. Skvis litt sitronsaft over og smak til krafta med litt meir salt og peppar om det trengs. Ha i halvparten av eplebåtane i gryta.

Server retten saman med grøn salat eller kokt ris og resten av eplebåtane ved sidan av og gjerne litt ekstra timian på toppen.

DSC_0853

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*