Kylling med granatepleris & raita

DSC_0576

Denne middagsretten smakar både forfriskande og godt av krydder med indisk preg. Kyllingen er krydra med mellom anna gurkemeie, spisskummen og honning og er servert saman med jasminris med friske granateplekjerner og ein herleg indisk yoghurtdressing (raita) med mynte.

Til denne retten har eg brukt ein heil kylling som eg har delt opp sjølv, men du kan fint kjøpe ferdig oppskjærte stykker. Skinnet har eg latt sitte på då det gir ein nydeleg god smak. Kyllingen blir svært saftig og gir frå seg ein nydeleg sjy i panna som smakar både sterkt av krydder, søtt av honning og friskt av sitron.

Ingrediensar til kylling med ris & dressing for ca. 4 personar:

Kylling:

  • 1 heil kylling på ca. 1,2 kg, med skinn
  • 1 ts gurkemeie
  • 1 ts spisskummen, malt
  • 1 ts tørka korianderblad
  • 1 stort kvitløksfedd
  • 2 ss akasiehonning
  • olivenolje
  • 1 sitron, safta
  • salt & peppar

Granatepleris:

  • ca. 3 dl jasminris
  • 1 granateple
  • 1 middels rødløk
  • fersk babyspinat
  • fersk persille

Raita (yoghurtdressing):

  • ¾ agurk
  • 3 dl gresk yoghurt
  • ¾ ts spisskummen, malt
  • 1 ts tørka mynte
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Forvarm steikeovnen til 180 ºC.

Skjær ut lårstykka og brystykka med vingar frå kyllingen og del dei i to slik du sitt igjen med 8 stykker av kyllingen. Legg kyllingstykka i ein bolle og krydre dei godt med rikeleg med salt og peppar og olivenolje. Knus kvitløksfeddet og ha det saman med kyllingen og skvis sitronsafta over. Bland saman gurkemeie, spisskummen og koriander i ei skål og strø det deretter over kyllingstykka. Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne eller gryte som tåler steikeovn. Steik kyllingen på høg varme med skinnsida ned til den er sprø og gylden. Snu kyllingen og steik i ca. 1-2 minutter på andre sida også. Snu kyllingen med skinnsida opp og ringle over honningen på toppen. Sett deretter heile panna/gryta inn i steikeovnen og la kyllingen steike i ca. 25 minutter, til den er gjennomstekt inni.

Samtidig som kyllingen står i ovnen kan du koke ris etter anvisning på pakken. Når risen er ferdig kokt finhakkar du rødløk og blandar det saman. Grav ut granateplekjernene og ha det saman med risen og litt ferskhakka persille og babyspinat.

For å lage raita raspar du agurken grovt på eit rivjern. Klem ut det meste av væska frå agurken. Ha agurk, yoghurt, spisskummen og mynte i ei skål og rør det saman. Smak til med sitron, salt og peppar.

Server den stekte kyllingen saman med granatepleris, raita og gjerne litt fersk salat ved sidan av.

DSC_0555

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *