Kylling-og ølgryte

[dropcap]E[/dropcap]it fint alternativ til den ordinære biff-og raudvinsgryta er å prøve seg på kylling kokt i ølgryte. Denne retten har eit lite hint av ølsmak og gir kjøt som er saftig og ein kraftsjy som smakar aromatisk og fyldig.

Retten er utruleg enkel å lage og det beste er at den blir god på smak nesten uansett kva. Langtidskokte gryter og matrettar får ein nydeleg god aroma og er grei mat å lage til mange. Her får ein i tillegg utnytta heile kyllingen og restane av skroget kokar eg alltid kraft av til seinare bruk. Ved å bruke heil kylling med skinnet på får du også ekstra mykje smak. Saman med gryta har eg servert fløyelsmjuk potetstappe som passar perfekt til denne typen rettar. Det finn du oppskrift på i dette innlegget.

Z19OLn5XTeikhFRRG3J2kQ_thumb_6f9d

1obYntoXT2mfb7n7hAbnSQ_thumb_6f9c

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 4 personar:

  • 1 kylling (ca. 1,5 kg)
  • 5 dl mørkt øl
  • 4 dl kyllingkraft
  • 1 laurbærblad
  • 140 g bacon, i strimlar
  • 2 gulrot
  • 10 små sjalottløk
  • 200 g aromasopp
  • 1 ss tomatpurè
  • 2 fedd kvitløk, knuste
  • 2 ss fersk timian, finhakka
  • 1 ss fersk persille, finhakka
  • ½ ss maizena + 1 ss kaldt vatn
  • salt & pepar

[/recipe-foody]

Del opp kyllingen i 8 delar og lat skinnet sitte på (skroget på kyllingen kan du gjerne koke god kraft på, så kast for all del ikkje!). Krydre kyllingbitane med salt og pepar. Smelt litt smør i ei stor jerngryte eller liknande og steik kyllingbitane med skinnsida ned på høg varme i nokre minutt, til skinnet blir gyldent og får fin steikeskorpe. Snu og steik i 1-2 minutt på andre sida også. Legg kyllingen til sides.

Del soppen i to eller fire alt etter storleiken og skjær bacon i passande små bitar. Steik det i gryta til baconet er sprøtt og soppen er gylden. Del opp gulrot i terningar på ca. 2 cm og del sjalottløk i to. Ha det i gryta saman med resten og tilset tomatpurè og kvitløk. Hell ølet i gryta slik det fresar godt og du kokar ut alle smakane som sit i botnen på gryta. Deretter har du i kraft og laurbærblad og gir det heile eit oppkok. Lat det heile småkoke i ca. 60-75 minutt. Når det står igjen ca. 45 minutt av koketida kan du legge i kyllingbitane slik dei blir gjennomkokte. Dersom du ønskar ein litt tjukkare konsistens på krafta i gryta kan du ta ut kyllingstykka rett før servering og ha i maizena-blanding. Gi det eit nytt oppkok og la småputre eit par minutt slik krafta tjuknar. Tilset kyllingen på nytt og ha i timian og persille. Smak til med salt og pepar. Server gryta saman med potetstappe, godt brød og/eller salat.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*