Kylling Tikka Masala

QdEhWTFLRQWz4qwtP9uvTQ_thumb_709c

Kylling eller «chicken tikka masala» som det ofte blir kalla er ein rett med marinerte og grilla kyllingbitar i krema og krydra saus med tomat. Denne indiske retten er ein favoritt for mange og høyrer med på ein indisk meny.

Sjølv om det finnast mange godt brukbare krydderblandingar og sausar til denne typen rettar, så synest eg det aller beste er å lage det frå botnen av. Det aller beste resultatet får du om du let kjøtet marinere i yoghurt-marinaden nokre timar eller gjerne i kjøleskapet over natta, men her er det ingenting i vegen for å ta ei rask løysing og steike med ein gong heller. Opprinneleg skal ein steike kyllingen i tradisjonell tandoori-omn eller på grillspyd på ein grill, men eg har brukt grillfunksjon på steikeomnen som fungerer like flott.

I denne retten har eg laga mi eiga garam masala-krydderblanding, men også her finn du ferdig blanding i krydderhylla på butikken. Garam masala er ei blanding som kan variere litt, men inneheld som oftast svart pepar, chili, koriander, spisskummen, kardemomme, kanel, muskat og nellik. I mi blanding manglar det chili, men det har eg tilsett i sausen. Så har du lyst til å lage ditt eige glas med blanding finn du oppskrifta nedanfor. Styrken på sausen kan du fint justere etter eigen smak og kor sterkt du likar det. Ein fin måte å gjere den mild på smak er til dømes å tilsetje meir yoghurt i sausen rett før servering. Gryteretten smakar nydeleg saman med kokt ris eller varme nanbrød med kvitløkssmør på.

w7SwfSrlSeSUji0lEEe47A_thumb_7083

04SqmeYmSx2woZNUsp5qpA_thumb_709d

Garam masala-krydderblanding (1 lite glas):

  • 2 ss spisskummen, malt
  • 3 ts koriander, malt
  • 3 ts kardemomme, malt
  • 3 ts svart pepar, malt
  • 2 ts kanel, malt
  • 1 ts nellik, malt
  • 1 ts muskatnøtt, malt

Bland saman alle krydder og oppbevar på tett glas.

Ingrediensar for ca. 4-6 personar:

Kylling-marinade:

  • 600 g kyllingfilet, i store terningar
  • 1 dl gresk yoghurt naturell
  • 2 store fedd kvitløk, knust
  • 2 ts fersk ingefær, riven
  • 2 ts gurkemeie
  • 1 ts garam masala-krydder
  • 1 ts koriander, malt
  • 1 ts spisskummen, malt
  • ½ ss havsalt

Tikka masala-saus:

  • 3 ss nøytral steikeolje
  • 1 løk, grovhakka
  • 2 store fedd kvitløk, knust
  • 3 ss tomatpurè
  • 2 ts fersk ingefær, riven
  • 2 ts gurkemeie
  • 1 ts koriander, malt
  • 1 ts garam masala-krydder
  • 1 ts spisskummen, malt
  • 1 ts chiliflak
  • 400 ml hermetisert tomat
  • 2 dl kyllingkraft
  • 1 dl fløte
  • salt & pepar
  • fersk persille, til servering

Ha kylling, yoghurt og alle kryddera i ein bolle og bland det godt saman. Lat stå og marinere nokre timar (eller gjerne over natta) om du har tid.

Forvarm steikeomnen til 240 º og set på grillfunksjon. Fordel kyllingen og all marinaden i ei eldfast form og set høgt oppe i omnen. Lat steike i ca. 8 minutt. Set til sides.

Varm opp oljen i ein stor kjele. Ha i løk og kvitløk og lat det surre på middels varme til løken blir mjuk og blank. Tilset tomatpurè og riven ingefær og lat det surre med nokre minutt ekstra. Deretter har du i alle krydder, tomat og kyllingkraft. Gi det heile eit oppkok og lat det deretter stå og småputre over middels lav varme i ca. 20-30 minutt. No skal sausen ha kokt inn ein del og tjukna. Ha i kyllingbitane og all marinaden og fløte og la det koke med i 5 minutt slik det blir varmt. Smak til med salt og pepar etter behov og juster eventuelt med meir yoghurt eller fløte om du synest det er for sterkt. Dryss over fersk persille og server saman med ris, nanbrød eller salat.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *