Kyllingbryst med eplesalat

[dropcap]E[/dropcap]plesesongen har tatt meg! I det siste har eg brukt epler i alle mulige rettar og sammenhengar. Både til frukost, lunsj, middag og dessert. Denne gongen har dei fått plass i ein salat med godsaker og stekt kyllingbryst med sitron.

Denne retten er både sunn, frisk og smakfull. Smaken av dei friske epla saman med valnøtter, ost og saftig kylling harmonerer fint og er eit friskt innslag på middagsfronten. Har du også lyst på ein kjapp og sunn middag som samtidig er smakfull så kjem oppskrifta her!

DSC_0006

[recipe-foody]Ingrediensar til kyllingbryst og eplesalat for 4 personar:

  • 4 kyllingbryst med skinn
  • sitronsaft
  • salt & peppar
  • 400 g fersk rosenkål
  • tørka timian
  • 2 raude epler (gjerne norske)
  • 1 rødløk
  • 1 pk fersk spinat
  • 1 pk rucculasalat
  • 1 neve valnøtter
  • 1 Brieost

Eplecidereddik vinaigrette:

  • 1 ¼ dl olivenolje
  • 1-2 ss dijonsennep
  • ½ dl akasiehonning
  • ½ dl eplecidereddik
  • 1-2 ss fersk basilikum, finhakka
  • sitronsaft
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 160 ºC. Krydre kyllingfiletane godt med salt og peppar og skvis over litt sitronsaft. Legg dei med skinnsida ned i ei varm steikepanne med litt olivenolje i og steik dei 2-3 minutter, til skinnet er gyldent. Snu filetane og steik i 1-2 minutter på andre sida. Legg deretter filetane med skinnsida opp i ei ildfast form, ha litt olivenolje og sitronsaft over og sett inn i ovnen og la det steike vidare der i ca. 20-25 minutter.

Bland saman dijonsennep, akasiehonning, fersk basilikum og eplecidereddik i ei skål. Hell i olivenolje i ein tynn stråle medan du rører rundt. Smak til med salt og peppar og litt sitronsaft.

Del rosenkål i to og ha i ei steikepanne med litt smør. Strø over godt med tørka timian, salt og peppar og steik til dei er møre og gyldne. Skjær epler og rødløk i skiver og bland saman med fersk spinat, ruccula og valnøtter.

Når kyllingen er gjennomstekt tar du den ut og lar kvile eit par minutter før du skjærer i tjukke skiver. Bland inn den varme rosenkålen i salaten og server på fat. Skjær skiver av Brieosten og legg over salaten saman med kylling og ringle over godt med eplecidervinaigrette. Krydre gjerne salaten med litt ekstra salt og peppar om det trengs.

DSC_1029

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*