Kyllingburger i minifoccacia

[dropcap]K[/dropcap]va er vel bedre enn ein stor og saftig burger når helga er her og ein skal lene seg tilbake i godstolen og nyte? Herlig kyllingburger med italienske smakar stod på gårsdagens meny her i heimen.

Kyllingburgeren er full i milde og smakfulle italienske smakar og er ei fryd å sette tennene i. Burgeren er ganske så stor så her må du gjerne lage både kyllingkarbonaden og minifoccacien mindre om du ikkje slett er så svolten (eller stor i kjeften) som eg var igår!

DSC_0445

Minifoccacia kan du fint lage i forkant og fryse ned. Då er det berre å ta opp så mange du treng, tine dei og sette på varmluft i steikeovnen i nokre minutter til dei er blitt sprø og gyldne på toppen igjen. Som dressing har eg valt å bruke ein heilt enkel aioli, men her må du gjerne bytte ut med det du ønskar sjølv.

[recipe-foody]Ingrediensar til 3 store kyllingburger:

Kyllingkarbonader:

  • 400 g kyllingkjøttdeig
  • 1 liten sjalottløk, finhakka
  • 1 egg
  • 1 ss worcestershiresaus
  • 1 håndfull fersk basilikum, finhakka
  • 1 toppa ts paprikapulver
  • 1 toppa ts tørka persille
  • 1 klype chilipulver
  • salt & peppar

Aioli:

  • 2 eggeplommer
  • 2 kvitløksfedd, knuste
  • 1 klype salt
  • 1 ss sitronsaft
  • 2 dl olivenolje

Tilbehør:

  • 3 minifoccacia (oppskrift her)
  • 1 stor bifftomat
  • 1 rødløk
  • rucculasalat
  • 1 mozzarellaost
  • fersk basilikum
  • 4-5 skiver spekeskinke

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen på 200 ºC varmluft.

Bland saman kjøttdeig,sjalottløk, egg, worcestershiresaus, basilikum, paprika, persille og chili. Krydre så godt med salt og peppar og la blandinga stå litt.

Lag aiolien ved å ha eggeplommer, kvitløksfedd, salt og halvparten av sitronsafta i ein stavmiksar eller liten foodprocessor og kjør til det tjuknar litt. Hell så olivenoljen i ein tynn stråle nedi eggeblandinga medan du stadig lar maskina gå. Når aiolien har tjukna er den klar. Ha så i resten av sitronsafta og smak til med evt. meir salt. Synest du den har blitt for tjukk i konsistensen kan du løsne opp litt med ei lita ts varmt vatn.

Sprøsteik spekeskinke og skjær skiver av tomat, rødløk og mozzarella. Sett så minifoccacia inn i steikeovnen i nokre minutter for å varme dei.

Form kyllingkarbonadene ved å ta litt vatn i hendene og legg i klattar i ei steikepanne på medium høg varme og trykk dei flate med ei steikespade. La det stå i nokre minutter til dei har fått ei fin og gylden skorpe. Snu karbonadene og legg så på ei skive med mozzarellaost på kvar av dei og la stå i 2-3 minutter til. Krydre mozzarellaosten med litt peppar. Vil du ha den ekstra smelta kan du snu karbonada oppned med osten ned i den varme panna i nokre sekunder.

Server så kyllingburgeren i minifoccacia med godt med aioli, tomatskiver, rødløk, rucculasalat, sprøstekt spekeskinke og nokre blad med fersk basilikum om du vil. Nyt!

DSC_0450

 

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*