Kyllinglår i soltørka tomat-og fløtekraft

DSC_0934 2

Saftig og mør kylling med ein smakfull kraftsaus med masse smak av søt og syrleg soltørka tomat og eit lite sting av chili. Denne kyllingen blir utruleg saftig og krafta i gryta er så god du får lyst å slurpe den i deg med skei.

Når du kjøper kylling så bør du for all del kjøpe med skinnet på. For bedre kylling enn desse du kan sprøsteike skinnet på og så ha i form i ovnen med god kraft og saus, det har iallefall eg til gode å finne. Denne retten inneheld ikkje så mange forskjellige ingrediensane, men himmel og hav så mykje og god smak det blei. Saman med kyllingen kan du servere villris eller grøn salat og godt brød til.

DSC_0931 2

Ingrediensar til kyllinglår i soltørka tomat-og fløte for 4 personar:

  • 4 kyllinglår med skinn og bein (ca. 900 g til saman)
  • 200 g små gourmetsjalottløk
  • 2 fedd kvitløk, knuste
  • ½ ts chiliflak
  • 100 g soltørka tomat
  • 3 ½ dl god kyllingkraft/andekraft
  • 2 dl matfløte
  • 1 ts tørka timian
  • 1 ts tørka basilikum
  • nokre stilkar fersk oregano
  • 1 klase cherrytomatar
  • parmesan, reven
  • smør, til steiking
  • salt & peppar
  • fersk basilikum, til servering

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Krydre og salte kyllinglåra godt med salt og peppar. Varm opp ei jerngryte og smelt ein god klatt med smør i gryta. Brun kyllinglåra på begge sider i 3-4 minutter på middels høg varme, til dei får gyldent og sprøtt skinn. Legg til sides.

Smelt litt ekstra smør i gryta om det trengs og ha i skrella sjalottløk, kvitløk og chiliflak og la det surre på lav varme til løken er mjuk og blank. Skjær soltørka tomat i tynne strimlar og tilsett i gryta. La det surre vidare i eit par minutter. Deretter har du i kyllingkraft, matfløte, timian, basilikum og oregano og gi det eit raskt oppkok. Legg tilbake kyllingen i i gryta på toppen av det andre. Fordel cherrytomatar litt rundt omkring i gryta og strø litt reven parmesanost på toppen av kyllinglåra. Sett heile gryta inn i den forvarma steikeovnen og la steike utan lokk i ca. 30-35 minutter, til kyllingen er gjennomstekt. Smak til krafta i gryta om den treng salt og peppar, men om du slik som meg brukar god kraft og krydrar kyllingen godt vil det ikkje vere nødvendig med store mengdene. Strø grovhakka basilikum på toppen ved servering og nyt ein god kyllingrett saman med tilbehør av eige ønske.

DSC_0928

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *