Kyllingspyd med sataysaus

[dropcap]G[/dropcap]rilla kyllingspyd med sataysaus er smakfull og enkel sommermat. Sataysausen er laga på knasande peanøttsmør og kokosmelk og er perfekt for deg som er glad i nøtter og asiatiske smakar.

Kyllingspyda kan du grille enten på grillen ute eller også i steikeovnen med grillfunksjon. Husk då berre på å legge grillpinnane i bløt i vatn i god tid før grilling, eller eventuelt bruk grillspyd i metall. Denne retten er rask å lage og er perfekt på varme sommardagar der ein ikkje vil bruke masse tid til middagsforberedelsar inne på kjøkkenet.

Om du skal servere dette som ein hovedrett for 4 personar lønner det seg å ha ris eller godt brød som for eks. naanbrød eller pitabrød ved sidan av for at det skal mette nok.

DSC_0492

[recipe-foody]Ingrediensar til kyllingspyd & sataysaus for ca. 4 personar:

Kyllingspyd & marinade:

  • 600 g kyllingfilet, i terningar
  • 1 raud chili, finkutta
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 3 ss soyasaus
  • 2 ss kokosolje
  • 2 ss sesamolje
  • 1 ts honning
  • 1 liten vårløk, i tynne ringar
  • grillpinnar ( legg pinnar av tre i bløt i nokre timar fyrst)

Sataysaus:

  • 2 ss kokosolje
  • ½ løk, finhakka
  • ½ rød chili, finhakka
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 150 g peanøttsmør, “crunchy” type
  • 1 ts akasiehonning
  • 2 dl kokosmelk
  • 1-2 ts fiskesaus
  • 1-2 ss soyasaus

Tilbehør:

  • ris eller grilla pitabrød
  • ferske spinatblad
  • rød paprika
  • vårløk
  • lime
  • salte peanøtter

[/recipe-foody]

Ha kyllingbitane og alle ingrediensane til marinaden i ein bolle og bland godt. La det stå og marinere i nokre timar i romtemperatur eller i kjøleskap over natta om du vil det.

Tre kyllingbitane på grillspyd og grill dei på grillen ute nokre minutter på kvar side til dei har fått fine grillmerker og er gjennomstekte. Eventuelt kan du sette steikeovnen på ca. 250 ºC og grillfunksjon. Legg grillspyda på ei rist med aluminiumsfolie og med eit steikebrett under og sett dei inn i ovnen høgt oppe. Grill dei i ca. 10 minutter, snu grillspyda over på andre sida og grill i ca. 10 minutter på andre sida også. Bruker du grillpinnar av tre bør du passe godt på så dei ikkje begynner å brenne, så her kan det lønne seg å bruke grillpinnar i metall.

Medan kyllingspyda steiker kan du lage klar sataysausen. Varm opp kokosoljen i ei steikepanne og la løk, kvitløk og chili surre i varmen til den blir mjuk. Ha så i peanøttsmør og honning og rør godt rundt til alt er varmt. Ha så over i ein stavmiksar. Tilsett kokosmelka og kjør blandinga til ein purè. Smak så til med fiskesaus og soyasaus. Hakk gjerne litt salte peanøtter til å ha på toppen om du ønsker litt ekstra “crunch”.

Server så dei varme grillspyda saman med litt finhakka paprika og vårløk, salte peanøtter, spinatblad, ris/brød og ein god skvett med limesaft over. Perfekt for deg som likar asiatisk mat!

DSC_0493

DSC_0504

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*