[dropcap]V[/dropcap]i er inne i den siste sommarmånaden og framleis er temperaturane ute perfekte til å nyte god iskrem. Denne fløyelsmjuke iskremen med fyldig smak av kvit sjokolade og ein framtredande lakrissmak er nydeleg god som dessert etter ein bedre middag eller berre til å nyte ute i varmen.
Iskremen kan fint lagast både med og uten iskremmaskin og tek heller ikkje lange tida å lage. Aller best synest eg iskremen smakar når du serverar den i isvaffelkjeks saman med friske bringebær, men den er også god saman med for eks. eit lite browniestykke til desserten eller berre slik den er saman med ein kopp kaffe. Lakrissmaken kan du også justere etter eige ønske. Denne gongen har eg valt å røre inn litt lakrissirup i iskremen rett før den var ferdigfryst, men her kan du bruke bitar av lakrisfudge eller lakriskarameller også.
[recipe-foody]Ingrediensar til ein porsjon lakris-& kvit sjokoladeiskrem (ca. 1 liter):
- 150 g eggeplommer, romtempererte
- 120 g sukker
- 100 g kvit sjokolade
- 4 ½ dl kremfløte
- 3 ts lakrisrotpulver ( Johan Bülow licoricepowder)
- ca. 2 ss søt lakrissirup (Johan Bülow) , evt. lakrisfudge o.l.
[/recipe-foody]
Pisk tjukk eggedosis av eggeplommer og sukker. Smelt den kvite sjokoladen forsiktig over vannbad til den når ein temperatur på 45 ºC. Hell den smelta sjokoladen forsiktig over i eggedosisen medan maskina går. Pisk det godt saman slik det blandar seg skikkeleg saman. Ha i lakrisrotpulver og rør godt inn. Pisk kremfløta stiv og ha ca. ein tredjedel av den over i eggedosis-og sjokoladeblandinga og pisk godt. Vend deretter resten av kremen inn i iskremblandinga forsiktig slik at du beheld luftigheita. Smak på iskremen og juster evt. med meir lakris om du ønskar det.
Hell blandinga over i ei iskremmaskin om du brukar det. Dersom du ikkje har iskremmaskin heller du iskremen rett over i ein passande beholdar og sett den i frysaren. Rør rundt i iskremen ca. 1-2 gongar i timen slik du unngår iskrystallar. Rett før iskremen er fryst og det er siste gong du rører rundt i den har du i litt lakrissirup og brukar ein gaffel til å lage mønster i isen. Eventuelt kan du erstatte med lakrisfudge eller liknande i staden.