Lakris-ostekake med rabarbrasirup

ILoKVObARKKZrUThMS8Pmg_thumb_751d
Syndig gode ostekaker med smak av lakris og rabarbra er eit nytt tilskot i ostekake-samlinga. Den litt skarpe lakris-smaken funkar supert saman med søt og syrleg rabarbra og kjeks.

Ostekake er passe frisk og krema dessertkake om sommaren, og saman med sesongens bær eller frukter blir det garantert suksess. Rabarbra er i sesong no og passar perfekt som syrleg tilbehør til ostekaker. Sirupen kan du i tillegg bruke over pavlova eller annan dessert, så vel som topping på frukost-yoghurten.

OZwiN4XYSDW%OHoWmpA_thumb_7522

PS2uxtjvTIabg4J8066x+w_thumb_751c

Ingrediensar til 6 stk. porsjons-ostekaker:

Rabarbra-sirup:

  • 320 g rabarbra
  • 190 g sukker
  • 2 ¾ dl vatn
  • ½ vaniljestang
  • sitronsaft

Lakris-ostekake:

  • 150 g Digestive-kjeks
  • 2 ts sukker
  • 2 ½ ss smør
  • 200 g kremost, naturell
  • 60 g sukker
  • 1 ½ ts rålakrispulver (gjerne Johan Bülow raw lakris)
  • 1 stort egg
  • 1 ss seterrømme
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts sitronsaft
  • jordbær/eller andre ferske bær, til servering

Lag rabarbra-sirup på førehand slik den rekk å bli avkjølt. Vask rabarbra og skjær vekk endane. Del opp i bitar på ca. 3 cm lengde og ha det i ein kjele saman med sukker, vatn og nokre dråpar sitronsaft (eg brukte ca. 2-3 ts.). Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa. Ha begge deler i kjelen saman med resten og kok opp. La det småputre på lav varme i ca. 25 minutt. Då skal safta som dannar seg ha tjukna litt. Hell det heile over ei sil eller eit klede og sil av all væska ned i ein bolle. Lat det stå slik og renne av ei stund. Hell over på rein og steril flaske og avkjøl. Oppbevar i kjøleskap.

Forvarm steikeomnen til 180 ºC. Finn fram 6 stk. kake/dessert-ringar (utan botn) på 7 cm i diameter og set dei på eit steikebrett med bakepapir. Eventuelt kan du også bruke muffinsformer og setje i eit muffinsbrett.

Ha Digestive og sukker i ein lukka pose og bruk kjevla til å knuse det til fine smular. Ha i smelta smør og bland godt saman. Fordel blandinga i kakeringane og bruk ei lita skei til å trykke blandinga godt ned i ringane slik du får ein kompakt botn med jamn overflate. Set midt i omnen og forsteik i ca. 5 minutt. Skru ned omns-temperaturen til 150 ºC og avkjøl botnane lett. I mellomtida kan du lage ostefyllet. Ha kremost og sukker i ein bolle og kjør det mjukt og luftig med ein handmiksar i ca. 1 -2 minutt. Ha i lakrispulver og egget og bland godt. Tilset rømme, sitronsaft og vaniljesukker og bland vidare. Smak til om røra treng meir lakris eller eventuelt meir sitron. Hugs berre på at lakris-smaken blir svakare etter steiking. Fordel fyllet over dei avkjølte botnane. Set brettet tilbake i omnen og lat steike i ca. 20-25 minutt, alt etter omnen din. Dei er ferdige når overflata har stivna men fyllet dissar lett når du beveger på formene. Avkjøl litt før du set dei i kjøleskapet til neste dag.

Bruk ein skarp og smal kniv og skjær forsiktig langs kanten på kakeringane for å løsne ostekakene. Kakk forsiktig ut på serveringsfat. Server med masse ferske jordbær og hell over rabarbra-sirup rett før servering.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *