Lakriskarameller

DSC_0014

Lakris er ein av mine favorittar når det kjem til snop og søtsaker. Både søt og salt lakris går ned på høgkant og har den seig karamell eller fudge-konsistens i tillegg er det enda bedre. Oppskrifta på desse seige lakriskaramellene er veldig enkel og tek ikkje lange stunda å lage.

Lakrissmaken på desse karamellene varierer med type lakrisrotpulver du brukar, men smaken blir uansett god. Eg har testa ut med fleire variantar og merker av lakrisrotpulver og har fått litt forskjellige smakar kvar gong, men til felles har dei alle at det uansett smakar nydeleg. I eine porsjonen tilsatte eg også litt søt lakrissirup (Johan Bülow) som gir ein litt meir søtleg smak på karamellene. Lakrisrotpulver og lakrissirup får du kjøpt på diverse helsekostforretningar og ein del nettbutikkar. Når du skal lage lakrisen vil det vere lurt å ha eit sukkertermometer og å ha alt utstyr klart før du begynner. Når du fyrst har fått kokt ferdig karamellen stivnar massen nemleg ganske så kjapt så her må du jobbe raskt.

DSC_0036

Ingrediensar til ein liten porsjon lakriskarameller:

  • 4 ss smør
  • 1 ¼ dl sukker
  • 0,6 dl mørk sirup
  • 2 ss glukosesirup
  • 0,6 dl kondensert søtet melk
  • 6 ss hvetemel
  • 1 klype havsalt
  • ca. ½ ts svart pastafarge (eg har brukt av merket Wilton, ikkje nødvendig)
  • 4-5 ts lakrisrotpulver (her er det brukt Johan Bülow lakrisrotpulver)
  • 2 ts søt lakrissirup (Johan Bülow, kan sløyfast)
  • maldonsalt

Lag klart ei firkanta ildfast form eller liknande på 18 x 12 cm som tåler varme og kle med bakepapir som du smører med litt smør.

Ha smør, sukker, mørk sirup, glukosesirup og søtet kondensert melk i ein kjele over medium varme og la det smelte. Kok opp massen under stadig omrøring. Skru ned varmen litt og la det småputre under omrøring til det når ein temperatur på 116 ºC, dette tek ca. 10-15 minutter. Har du ikkje termometer kan du la massen småputre i ca. 15 minutter, til alt sukkeret er smelta og du har ein glatt karamell. Når massen har nådd 116 ºC tek du kjelen frå varmen og har i hvetemel, havsalt og pastafarge og rører godt rundt. Tilsett lakrisrotpulver og evt. lakrissirup og bland det godt saman. Om du er usikker på mengda lakris kan du smake deg fram litt, men pass på både fingrar og tunge sidan massen er ganske varm. Hell ein dråpe karamell ned i eit glas med kaldt vatn for å ta ein smakstest utan å brenne av deg tunga. Hell massen ned i den bakepapirkledde og smurte forma og fordel det utover med ein slikkepott. Jobb raskt for å unngå at karamellen sett seg fast i panna før du har fått den ut. Vent eit par minutter og strø deretter litt maldonsalt over og avkjøl det litt i romtemperatur. Sett deretter forma i kjøleskap og la det stivne.

Etter eit par timars tid kan du ta ut forma og skjære lakriskarameller i passande bitar og pakke inn i papir. Oppbevar lakriskaramellene i kjøleskap.

DSC_0028

3 comments

  1. Hei
    Er det noko anna enn glukosesirup ein kan bruke?

    1. Hei! Du kan prøve med vanlig lys sirup også 🙂 det har eg prøvd før og det kan også fungere 🙂

      1. Tusen takk – det må prøvast 🎄

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *