Lakrismakronar

[dropcap]M[/dropcap]akronar er ein perfekt start på helga! Franske makronar er alltid ein suksess på kakebordet og desse er inget unntak. Kombinasjonen av søt sjokolade og lakris er uslåeleg.

Lakris og sjokolade er ein kombinasjon du no kan finne på mange stadar rundt om i konfekthyllene på butikkane og i bakverk og anna. Det er ikkje utan grunn! Prøv deg på dine eigne lakrismakronar og bli hekta du også. Her får du oppskrifta på herlege makronar med ein melkesjokolade-og lakrisganache. Lakrissirup og lakrispulver får du tak i på helsekostforretningar, enkelte daglegvarebutikkar og butikkar som sel diverse bakevarer og utstyr.

DSC_0043

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 40 makronar med lakrissmak:

Makronskjell:

  • 130 g mandelmel
  • 170 g melis
  • 100 g eggekviter (romtempererte)
  • 80 g sukker
  • nokre dråpar svart gelèfarge ( eg brukar fargegelè Wilton)
  • 1 ts lakrispulver (Johan Bülow)

Melkesjokolade-og lakrisganache:

  • 150 g lys kokesjokolade av god kvalitet
  • 1 dl fløte + 1 ½ ss fløte
  • 18 g glukose
  • 35 g sukker
  • 1-2 ts lakrissirup (eg har brukt Johan Bülow)
  • 2-3 ts raw lakrispulver (Johan Bülow)

[/recipe-foody]

Fyrst startar du med å lage makronane. Bland saman mandelmel og melis og sikt det. I ein rein bakebolle har du i eggekvitene og piskar på medium fart i ei kjøkkenmaskin til det begynner å skumme. Dette tek berre nokre sekund. Ha i sukkeret 1 ss av gongen medan maskina går heilt til du har brukt opp alt sukkeret. Når du har fått ein glansfull og stiv marengs tilsetter du fargegelè og blandar det godt inn. Sikt i melis-og mandelmelblandinga i marengsen. Det som er for stort til å sikte igjennom i sikta av mandelmelet legg du til sides (dette kan du bruke til diverse bakst). Bland saman melis-og mandelmelblandinga i marengsen med ein slikkepott. No skal du røre til du får slått ut ein del av lufta utan at du får ei heilt rennande røre. Når det renn sakte ned av slikkepotten i ein trekant når du held den opp frå røra er den klar. Sjekk gjerne for videoar på nettet for å få eit visst inntrykk av korleis røra skal sjå ut om du er usikker.

Ha røra over i ein sprøytepose med rund sprøytetipp og sprøyt ut små sirklar på størrelse med ein fem-kroning med god avstand mellom kvar på bakepapirkledd steikebrett eller på makronmatte om du har det. Slå bakebrettet hardt i kjøkkenbenken nokre gongar til du har fått slått ut eventuelle luftbobler i makronane. Lat makronane tørke på brettet før du steiker til dei har fått ei tørr overflate. Dette kan ta alt frå 30 minutter til eit par timar alt etter kor tørt eller fuktig det er i lufta.

Forvarm steikeovnen til 150 ºC varmluft. Steik makronane med eit brett under steikebrettet om du brukar bakepapir. Har du brukt makronmatte i silikon treng du ikkje to steikebrett. La makronane stå i ca. 10-12 minutter. Toppane skal vere faste på underlaget når du prøver å bevege forsiktig på dei og ha fått ei sprø overflate. Her må du berre prøve deg fram litt med den steikeovnen du har. Avkjøl makronane heilt på brettet før du prøvar å flytte på dei, ellers vil botnane sitte fast i underlaget og du sitt igjen med makrontoppen i handa.

Medan makronane blir avkjølte kan du lage lakrisfyllet. Hakk opp sjokoladen fint og ha den i ein bolle. I ein liten kjele har du i 1 dl fløte, glukosesirup, sukker og lakrispulver og lar det koke opp. Så snart det boblar tek du det av varmen og heller det over sjokoladen. La blandinga stå i ca. ½ minutt før du rører rundt med ein slikkepott til du har fått ei jamn sjokoladeblanding. Rør inn lakrissirup. Ha i 1 ½ ss kald fløte i ein tynn stråle medan du fortsatt rører rundt til du får ein glatt sjokoladeganache. Avkjøl ganachen til den er såpass stiv i konsistens at du kan sprøyte ut i ein sprøytepose utan at det renner utover.

Finn to og to like makronbotnar og fordel ca. 1 ts med sjokolade-og lakrisganache på kvar botn og press forsiktig på toppen med den andre botnen til fyllet fordeler seg fint utover i midten. Gjenta med alle makronane. Oppbevar makronane i ei tett boks i kjøleskap i 2-3 dagar eller over lengre tid i frysaren. Då har du nydelege makronar som tinar på nokre få minutter til ei kvar tid!

DSC_0033

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*