Laks med honning-& soyasaus

DSC00351

Enkle og smakfulle kvardagsrettar som både er raske å lage og sunne er velkomne på mitt middagsbord. Denne lakseretten med asiatiske smakar som soyasaus, lime, ingefær og chili er eit supert forslag til nettopp det!

Det er vel ingen tvil i at eg er svært glad i laks når det kjem til fiskemåltid, og derav blir det ofte det når eg skal ha fisk til middag. Det som er fint med laks er at det kan varierast veldig og fisken passar nydeleg saman med både tradisjonelle skandinaviske smakar såvel som asiatiske smakar. Kombinasjonen av det søte frå honning, det salte frå soyasaus og det syrlege frå lime er uslåeeleg saman med den milde laksen. Sjølv med få ingrediensar blir dette eit godt og smakfullt måltid med frisk smak. Ønskar du ein sterkare utgåve kan du også tilsette enda meir chili i sausen, men smak deg fram.

DSC00369

Ingrediensar til laks med honning-& soyasaus for ca. 2 personar:

  • 2 x 125 g laksefilet, uten skinn & bein
  • salt & peppar
  • smør, til steiking

Honning- & soyasaus:

  • 2 ss smør
  • 4 ss akasiehonning
  • 4 ss soyasaus
  • 2 lime, safta
  • 1 ts fersk ingefær, finreven
  • ¼ raud chili, finhakka
  • ½ raud paprika, i små terningar
  • 1 vårløk, i ringar

Til servering:

  • kokt ris
  • limebåtar

Krydre laksefiletane med salt og peppar. Varm opp ei steikepanne med litt smør. Steik laksefiletane på middels høg varme i 2-3 minutter på kvar side, slik at dei får ei gylden steikeskorpe. Legg fisken til sides på eit fat.

Ha i 2 ss smør i den samme steikepanna og tilsett deretter akasiehonning, soyasaus og limesaft. La det koke inn litt over middels varme i nokre få minutter, slik det tjuknar litt. Ha i ingefær og chili og la det surre med nokre minutter ekstra. Legg laksefiletane tilbake i panna saman med sausen og aus litt av sausen over fisken med jamne mellomrom. Etter nokre minutter har du i raud paprika og lar det bli gjennomvarmt. Server så laksefiletane saman med kokt ris og vårløk og hell over den smakfulle sausen på toppen. Skvis gjerne litt ekstra limesaft over det heile.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *