Laks med mangosaus

Rtp6SZBPSLuaG%0Z0ifSjw_thumb_68d3

Enkle og smakfulle rettar for vanlege kvardagar bør gå raskt og vere sunt og godt. Laks og mango er nydelege smakskombinasjonar og i denne retten kjem dei smakane godt fram. Her snakkar vi pannesteikt laks med paprika og mangosaus med asiatiske smakar.

Eg har ein tendens til å ete svært mykje laks sidan den smakar godt med så utruleg mange ulike smakar når det kjem til krydder og tilbehør. Laksen har ein mild og fin smak som passar perfekt saman med den friske og søte smaken frå mangoen. I tillegg får du eit lite hint av chili og koriander som gir eit asiatisk preg til retten.

Ingrediensar til laks med mangosaus for 4 personar:

  • 4 x 125 g laksefilet
  • 1 ½ ts paprikapulver
  • salt & peppar

Mangosaus:

  • 1 løk
  • ¼ raud chili
  • 1 ss brunsukker
  • 1 stor mango
  • 1 klype chilipulver
  • 2 ss gresk yoghurt
  • lime, saft
  • fersk koriander
  • salt & peppar
  • smør, til steiking
  • kokt ris/byggryn, til servering

Varm opp ein liten klatt smør i ei lita gryte. Finhakk løken og la den surre på middels varme til den blir mjuk og blank. Finhakk chili og tilsett i løken. Ha i sukkeret og la det surre med i eit par minutt. Skjær alt fruktkjøtet av mangoen og mos det til purè i ein stavmiksar. Ha mangopurèen i gryta og la det surre med i nokre minutt. Skru ned varmen. Ha i chilipulver og eit par spiseskeier med yoghurt. Smak til med limesaft, koriander, salt og peppar. Ha eventuelt i meir yoghurt om du ønsker.

Krydre laksefiletane med paprikapulver, salt og peppar. Steik dei på middels høg varme i ei panne med olivenolje i tre-fire minutt på kvar side, til dei får ei fin steikeskorpe. Server laks saman med mangosaus og kokt ris eller liknande.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *