[dropcap]A[/dropcap]siatisk-inspirerte fiskerettar er passande sommarmiddag der ein ønsker noko smakfullt og lett. I denne retten er dei steikte laksefiletane servert saman med risnudler, ferske grønsaker og aromatisk kraft med kokosmjølk.
Sjølv er eg svært glad i laks saman med nudler eller pasta og masse friske grønsaker, og synest det gir eit lettare måltid no på denne tida av året. Prøv gjerne å bytte ut det vanlege kjøtet i wok eller rettar som denne du også! Har du ikkje risnudler kan du fint erstatte med eggenudler eller glasnudler også.
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 4 personar:
- 4 x 125 g laksefilet, skinn-og beinfri
- 1 liten rødløk
- 350 g kokoskrem (eg brukar Blue Dragon kokoskrem)
- 7 ½ dl fiskekraft (evt. grønsakskraft)
- 1 stor gulrot
- ½ squash
- ½ raud paprika
- 2 fedd kvitløk
- 1 ½ ts chilipulver
- 1 ½ ts paprikapulver
- 1 ½ ts raud currypasta
- salt & pepar
- lime, safta
- olivenolje, til steiking
- risnudler ( evt. glas-eller eggenudler), til servering
[/recipe-foody]
Varm opp litt olivenolje i ein stor kjele. Finhakk kvitløk og la den surre i kjelen på middels varme saman med currypasta, chilipulver og paprikapulver i eit par minutt. Ha i fiskekraft og lat det koke opp. Tilset kokoskrem og lat det småputre på lav varme i ca. 5-10 minutt. Skjær opp alle grønsakene i tynne strimlar på ca. 5 cm lengde og legg til sides.
Kok nudler etter anvisning på pakken. Ha grønsakene i kokosmjølka og lat dei få småputre i 2-3 minutt, slik dei framleis har litt tyggemotstand. Krydre laksefiletane med salt og pepar og steik dei i ei steikepanne med litt smør eller olje til dei får ei gylden steikeskorpe og såvidt er gjennomsteikte. Smak til kokosmjølkkrafta med salt, pepar og lime. Server nudler i skål og hell over kokosmjølk, grønsaker og til slutt laksefileten på toppen. Skvis gjerne litt ekstra limesaft over for ekstra frisk smak.